Old Drupal 7 Site

Glasklar sommarrapsodi i blått

Kristian Hagestad Om forfatteren
Artikkel

Foto Corbis/SCANPIX

Glasmaneta (aurellia aurita) er ein trufast sommargjest på grunt vatn langs heile norskekysten. Som sin ilskare frende brennmaneta (cyanea capillata) tar ho seg fram med elegante, pulserande eigarørsler, men er også underlagt straum og vind, og kan i hopetal drive inn i bukter og fjordarmar.

Den sommardansande maneta formeirar seg ved hjelp av indirekte munnsex. Hannen gulpar opp sædceller nær munnen til homaneta. Men i førstegenerasjonen kjem det ingen nye manetbarn. Det befrukta egget utviklar seg i mor si magehole til planulalarve, som før maneta dør om hausten, sym ut og festar seg på sjøbotnen. Her blir larven til ein polypp, som etter kvart får form som ein tallerkenstabel og etter overvintring gir opphav til 12 – 14 nye småmaneter.

Glasmaneta har nesleceller og giftstoff som sin hissige frende, men er meir uskyldig. For mennesket er det ein harmlaus skapning. Får vi han på leppene (eller enda edlare delar), kan det likevel bli ubehageleg svie. Men korfor skulle nokon finne på å kysse ei glasmanet?

Kontakt med brennmanet kan derimot vere ei svært så utriveleg sommaroppleving. Den viktigaste førstehjelpa er å få vekk fastsittande manetrestar så snart som råd, helst ved vasking i sjøvatn eller lett oppvarma saltvatn. Eit lidokainpreparat lokalt kan deretter lindre plagene. I tillegg finst det ei lang rekke meir eller mindre gode kjerringråd, frå å tisse på den ramma kroppsdelen til å dekke den til med – glasmanet!

Anbefalte artikler