Old Drupal 7 Site

S. Hunskår svarer:

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Eg takkar Hjalmar Schiøtz for innlegget med nyttige og supplerande kommentarar til artikkelen min. Eg kan i all hovudsak slutte meg til dei synspunkta han kjem med.

Når det gjeld blæretrening aleine, kan det godt prøvast først, men medikamenttilbodet er no så godt at dette i praksis blir forsøkt aleine, i beste fall samstundes med blæretrening. Eg synes kombinasjonen bør tilstrebast, og trening bør halde fram lenge aleine for dei som har dårleg effekt av medikament eller som har kontraindikasjonar. Eit tilleggsmoment er at muskarinreseptorantagonistane er godkjende for refusjon på blå resept berre for pasientar med urgeinkontinens, slik at dei som har overaktiv blære-syndrom utan lekkasje, må betale behandlinga sjølv.

Maksimal elektrostimulering kunne godt vore omtala, sjølv i ein artikkel om «Legemidler i praksis», men dokumentasjonen for effekt er ikkje så god at eg vil tilrå slik behandling i første hand.

For meg var det viktig å få fram at fastlegane kan handtere dei fleste av desse pasientane, men at det finst gode grunnar for å tilvise til spesialist av og til. Då må ein ta omsyn til det lokale spesialisttilbodet og bruke det. Eg har ikkje noko ønskje om å vurdere urologar mot gynekologar i så måte, og burde ha tatt med gynekologalternativet i artikkelen.

Anbefalte artikler