Old Drupal 7 Site

Den einsame traktorkøyrar

Eivind Vestbø Om forfatteren
Artikkel

Foto Corbis/SCANPIX

Den einsame ryttar kjenner vi godt som silhuett over bakkekammen eller der han kverv inn i solnedgangen i ein amerikansk westernfilm. Den einsame traktorkøyrar er ikkje omgrepsfesta enno i Noreg, men han eller ho er der ute på jordet – langt frå tidlegare tiders storfamilie, arbeidsfellesskap og stabile rammevilkår. Ungane er på skule, i barnehage eller på fotballtrening og ektefellen på jobb ein stad. Bonden er nok framleis ein flink praktikar, men krava til dataeksperten, økonomen og bedriftsleiaren kan det av og til vere verre å innfri. Det er kanskje ikkje så uventa at ein i helseundersøkinga i Hordaland har påvist større frekvens av depresjonar hjå bønder enn hjå andre yrkesgrupper. I dette nummeret av Tidsskriftet presenterer Hanne Ulrikke Bårnes & Trond Riise ei undersøking som synte at deltakande bønder likevel brukte signifikant mindre antidepressiv enn andre, og dei reflekterer over dette (1).

Mine refleksjonar går i retning av at bonden har ein biologisk agenda. Han lever med døgnet, vêret, årstidene og avlingane, og står sjølv til ansvar frå time til time i praktisk byggande arbeid. Kanskje gjev dette konkrete perspektivet meining og motivasjon eit stykke ned i depresjonen. I tillegg kjem ein imperativ kvardagsrutine med eit praktisk program å halde fast i gjennom depressivt terreng mot ny soloppgang og nytt liv. Kanskje bonden har sin eigen arbeidsterapi og sin kognitive sjølvterapi i tradisjonen, plikta og arven. I så fall dreier den låge medikamentbruken seg meir om meistring enn om underbehandling.

Anbefalte artikler