Old Drupal 7 Site

Korleis legar forstår faget sitt

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Montgomery, Kathryn

How doctors think

Clinical judgment and the practice of medicine. 246 s, tab, ill. Oxford: Oxford University Press, 2006. Pris USD 40

ISBN 0-19-518712-1

Kathryn Montgomery (tidlegare Montgomery Hunter) er professor ved Northwestern University Feinberg School of Medicine i USA. Ho har undervist medisinstudentane i «the humanities», som har vore eige fag i medisinstudiet frå midten av 1970-talet. Mange lesarar kjenner henne også som forfattar av Doctors stories, som i 1991 introduserte tanken om medisin som fortelling og fortolking, narrativ medisin.

Hennar nye bok kan lesast som ei vidareføring. Ein bærande idé i begge bøkene er at medisin verken er vitskap eller kunst, men ein rasjonell og praktisk retta fortolkingsaktivitet der både kunnskap om human biologi, klinisk erfaring, gode diagnostiske og terapeutiske evner og kunnskap om menneskers livsvilkår er nødvendig for å kunne gjere ein skikkeleg jobb. Medisin er ikkje ein vitskap, for legar må handle. Og kompleksiteten og usikkerheita som utgjer handlingsgrunnlaget for klinisk medisin er det motsette av det ein kan omtale som sikker vitskap.

Denne i og for seg enkle innsikta går som ein rød tråd gjennom heile boka. Forfattaren påpeikar misforholdet mellom medisinens sjølvoppfatning som vitskap og den praktiske kvardagen alle kliniske legar står i. Forfattaren tar mål av seg til å skildre det som med ein vitskapsteoretisk omgrepsbruk kan omtalast som eit epistemologisk skotom: ein er blind på eit område utan å vere klar over at ein er det. Medisinen forstår ikkje seg sjølv som praksis, difor er han heller ikkje i stand til å karakterisere, undervise og vidareutvikle det som er medisinens dyd og moralske kjerne, den kliniske dømmekrafta, som vert utvikla ved å resonnere praktisk og nytte det på det einskilde individet.

Stoffet er delt opp i fire delar, til saman 12 kapittel. Dei første tre kapitla handlar om medisin som praksis, dei siste ni om ulike aspekt ved klinisk skjønn. Det er eit omfattande noteverk til kvart kapittel og eit oversiktleg person- og sakregister.

Kate Montgomery er ikkje lege, men filolog. Slik eg ser det, er det berre ein fordel. Ho har avstand til fagområdet og kan ytre seg med større autoritet når ho sjølv ikkje er ein del av det. Ho har gode analytiske evner og eit stort skrivetalent. Både første og siste kapittel er vakre forteljingar frå hennar eige liv, om dattera sin kreftsjukdom og møtet med helsevesenet. Boka er fri frå lettvint legekritikk. Tvert om understrekar forfattaren at medisinen fungerer godt i praksis trass i det synsfeltsutfallet som pregar leganes sjølvforståing.

Eg har fått mykje ut av lesinga. Men ikkje alt er like vellukka. Boka hadde ikkje blitt dårlegare om ho hadde blitt noko stramma inn. Eit par kapittel kunne gjerne gått ut. Einskilde hovudpoeng blir hamra så kraftig inn at ein ikkje berre sit igjen med medvitet om vårt eige faglege synsfeltsutfall, men også står i fare for å utvikle ein særeigen tinnitus, ein øyresus om at medisinen ikkje er, aldri har vore, og aldri kan bli vitskap åleine. Av og til kan ei sanning bli gjentatt for ofte.

Anbefalte artikler