Old Drupal 7 Site

Overvekt, fedme, sjukleg overvekt

Villy Våge Om forfatteren
Artikkel

Foto © Doron Hanoch, Nonstock/GV-Press

Fedmeepidemien har nådd oss og må ikkje lenger bli bagatellisert. Med aukande gjennomsnittsvekt i befolkninga vert det også fleire sjukleg overvektige. Menneske med sjukleg overvekt er først og fremst medmenneske, ikkje nødvendigvis pasientar. Mange aksepterer å leve med overvekt, men mange opplever sterkt redusert livskvalitet også fordi dei møter fordommar i samfunnet, dessverre også frå helsepersonell. Andre vert invalidiserte av alvorleg sjukdom knytt til overvekta, fell ut av arbeidslivet i ung alder og lir ein tidleg død. Førebygging kan kanskje hindre fedme i neste generasjon, men kan ikkje kurere dei som lir av sjukleg overvekt i dag.

Det er gode haldepunkt for at adekvat kirurgisk behandling av pasientar med sjukleg overvekt (bariatrisk kirurgi) er livsforlengande, livskvalitetsfremjande og samfunnsøkonomisk sett kostnadssparande terapi. Bariatrisk kirurgi kan vere krevjande både for kirurg og anestesipersonale, men den ultimate komplikasjon, død, har heldigvis vore sjeldan ved reintroduksjon av slik kirurgi i Noreg. Mangel på operasjonskapasitet har ført til at pasientar i desperasjon har reist til utlandet for operasjon, til tider utan å vite kva dei eigentleg har gått til. Preoperativ informasjon er viktig, pasienten skal leve med verknader og biverknader av operasjonen resten av livet og bør sjølv kunne delta i val av prosedyre.

Førebygging og behandling av overvekt og sjukleg overvekt er eit område som skrik etter handfaste, offentlege grep. Utan slike grep vil samfunnet bli ein fri arena med potensielle kundar og leverandørar, der aktørar i marknaden vert sukkerindustrien, slankeindustrien og bariatriske kirurgar.

Anbefalte artikler