Old Drupal 7 Site

Wilhelmsen anbefaler

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Wilhelmsen, I.

Kongen anbefaler

Holdninger for folket. 106 s, ill. Stavanger: Hertervig forlag, 2006. Pris NOK 229

ISBN 82-92023-71-2

Dette er ei bok for deg, som del av det norske folkefellesskapet. Det er ikkje primært ei fagbok, det er ei blanding av helseopplysing og oppbyggjande litteratur med fire millionar potensielle lesarar. Ho er lesarvennleg, med enkle overskrifter, illustrerande strekteikningar og ein folkeleg og uhøgtideleg skrivestil. Det er ei kort og ufullstendig referanseliste, ikkje stikkordregister.

Ingvar Wilhelmsen er indremedisinar og psykiatar i Bergen. Han er kjent for sine skrifter om kognitiv terapi og for drifta av hypokonderpoliklinikken. Dette er også ei bok om kognitiv terapi. Ho er bygd opp med eit forord og ei innleiing før bokas hovuddel, som er ein presentasjon av haldningar og standpunkt hjå kong Harald, sett i lys av kognitiv tenking. Siste del er Wilhelmsens eigne refleksjonar om nøkkelen til det gode liv.

Dette er eit pedagogisk glansnummer. Wilhelmsen stiller seg bak kongens breie rygg for å illustrere kor framifrå kognitiv terapi er. Dette er eit gamalt retorisk knep. I vår kultur er det vanlegare å stille seg bak kongenes konge, han som levde for 2000 år sidan, når ein skal forkynne. Parallellen er openberr. Ein som aldri har synda, skal lære oss å halde vår sti rein. Ein som har røykt 45 sigarettar per dag det meste av sitt vaksne liv og truleg aldri gått i kognitiv terapi, blir brukt som sanningsvitne for ei sunn livshaldning og kognitiv terapi. Både skriveform og biletbruk gir hyppige assosiasjonar til Bibelen. Og forordet i Wilhelmsens bok kunne med små endringar stått som forord til Det nye testamentet.

I si lovprising av kongen balanserer forfattaren på grensa til det ironiske. Dersom han hadde valgt ein annan «helt», til dømes Carl I. Hagen, ville halve Noreg nikka anerkjennande mens resten ville ledd seg skakke. Wilhelmsen er ein retorikkens meister. Styrken i retorikken hans er at han byr på seg sjølv. Han er ikkje redd for å vere naiv eller panegyrisk, flåsete eller personleg. Han har sans for den gode historia som pasientane har fortalt. Han avslører god sans for humor utan å verke nedlatande andsynes pasientane.

Ein kunne sjølvsagt plukke på og kritisere mange ting i boka. Ikkje alle utgreiingane om kor fortreffeleg kongen er er like vesentlege. Og det vekkjer ikkje den store interessa at stortingspresidenten fann det på sin plass å helse kongen velkommen tilbake etter sjukefråveret i 2005. Eg ville ha stryke litt her og der for å gjere boka meir poengtert.

Og tittelen er feil. Boka burde ha heitt «høyr på kongen». For det er ikkje kongen «som anbefaler». Det er det Wilhelmsen som gjer. Boka er eit godt forsøk på å gjere kognitiv terapi til statsreligion, bygd på snusfornuftens heilage grunn.

John Nessa anbefaler.

Anbefalte artikler