Foto Endre Vestvik
I dette nummeret av Tidsskriftet er medisinsk utdanning og yrkeskarrieren til legane eit hovudtema. Legeutdanninga er ikkje avslutta med medisinstudiet, men er ein prosess som må halde fram gjennom heile yrkeskarrieren. Slik har det vore, og slik vil det bli.
Fram til ganske nyleg var medisinsk informasjon lite tilgjengeleg for ålmenta. Vi lever i informasjonsalderen, og prøver å bygge eit kunnskapssamfunn i flaumen av informasjon, har språkforskaren Torodd Kinn skrive (1). Informasjon kan finnast så mange stader, men kunnskap er å finne hjå menneska. Som legar er vi dei fremste berarane av medisinsk kunnskap. Vi møter pasientar med mykje informasjon; ofte veit dei meir enn oss om symptom og behandlingsformer. Styrken vår er kunnskap, tileigna gjennom studier, røynsle og innsikt som legearbeidet gjev.
Forsidebiletet syner motsatsen til den velinformerte pasienten: Kvinner på ei sjukestove i ein landsby i Kongo som får besøk av lege. Dei er nok utan Internett, kanskje er dei ikkje lesekunnige heller. Men dei har klare forventingar om at legen har kunnskapen som trengst for å gje dei eit betre liv. Biletet kan seie noko om skeivdelinga av medisinske ressursar: Vi har kunnskapen som trengst for å hjelpe mange, men klarar i liten grad å prioritere dei som treng det mest. Med auka kunnskap følgjer også auka ansvar for å yte tenester til dei som ikkje kan målbere eigne krav og forventingar.
Medisinstudentanes humanitæraksjon, Medhum 2007, er i år retta mot kvinner med vaginalfistel, mellom anna i Afrika. Pengane som vert samla inn skal gå til operasjonar og pleie av dei som har fistel, opplæring av lokalt helsepersonell og forebyggingskampanjar.