Old Drupal 7 Site

Fortsatt aktiv og engasjert

Lise B. Johannessen Om forfatteren
Artikkel

Ottar Grimstad forlèt no sentralstyret etter to periodar, men vil fortsatt engasjere seg i tillitsvaltarbeid. Han reknar med at arbeid for Legeforeningen framleis vil vere ein viktig del av livet, men håper på meir tid i praksisen sin.

Ottar Grimstad. Foto Legeforeningen

– I mi tid i sentralstyret har vi vel behandla fleire hundre saker, men eg vil trekke fram nokre saksområde.

– Organisasjonssaka har vore handsama mange ganger i begge perioder. Den norske legeforening står i ei særstilling i forhold til mange andre land ved at dei fagmedisinske foreningane er under samme paraply som fagforeningsarbeidet. Dette gir oss eit særleg truverde og ei styrke i det helsepolitiske arbeidet. Dette er viktig for å kunne bidra til å skape ei god helseteneste for innbyggarane i Noreg, og gode vilkår for å utøve fagleg god legeverksemd for oss. Gjennom organisasjonssaka voner eg at det faglege arbeidet blir ytterlegare styrka. Særleg viktig har dette vore for allmennmedisinen. Denne reformen har lagt eit viktig grunnlag for løysing av den noke betente konflikten mellom Norsk Selskap for Allmennmedisin (NSAM) og fagutvalget til Alment praktiserende lægers forening (Aplf). Eg ser no med glede kor godt og konstruktivt samarbeidet mellom Allmennlegeforeningen og Norsk forening for allmennmedisin er blitt.

Samarbeid er viktig

Gjennom den nye sjukehusorganiseringa har vi også fått ein ny forhandlingsmotpart, Spekter (tidlegare NAVO). Det har vore, og er, ei svært vanskeleg og viktig oppgave å prøve å etablere konstruktive samarbeidsforhold som både tar vare på dei sosiale rettane og arbeidstilhøva for legar ved sjukehusa, og legg tilhøva til rette for konstruktiv omstilling og godt fagleg arbeid. Det har vist seg naudsynt å ta i bruk mykje skarpare virkemiddel enn vi har vore vane med tidlegare, og det har vore naudsynt med eit sterkt fokus frå sentralstyret på denne prosessen. Her er også eit nært samarbeid med dei andre organisasjonane i Akademikerne naudsynt for å kunne nå desse måla.

Teieplikta er viktig for oss og pasientane våre, og den har vore og er stadig utsett for angrep frå mange hald. I mange saker har vi desse åra prøvd å styrke vernet om teieplikta. Dette har mellom anna omfatta oppretting av nye sentrale helseregistre og innretting av disse, elektroniske reseptar, trygda si bruk av journalutskrifter i blåreseptkontrollane, og forsikringsselskapa sine krav om legeerklæringar og journalutskrifter.

Gjennom rapporten vår om lokalsjukehusa, og forsvaret for breddekompetanse og faglege krav til lokalsjukehusa, har vi satt viktige premiss for sjukehusutviklinga.

Vi har fått etablert eit allmennmedisinsk forskningsfond og vore med å legge premiss for statlege løyvingar til allmennmedisinske forskningseiningar. Eg voner det vil kunne gi grunnlag for vesentleg styrking av allmennmedisinsk forskning i tida framover.

Skuffande om vakt- og arbeidstidsordningar

– I eit intervju med Tidsskriftet i 2005 sa du mellom anna at du håper ein i kommande periode kan få til betre vakt- og arbeidsordningar i primærlegetenesta, særleg i utkantstrok. Hva tenkjer du om dette no? (1).

– Her har vi oppnådd skuffande lite, sjølv om vi har hatt stort trykk på desse sakene heile perioden. Ved siste revisjon av sentral forbundsvis særavtale for primærhelsetenesta ville ikkje KS ein gang gå med på at fastlegar skulle ha rett til å ta seg fri dagen etter vakt dersom dei følte at vaktarbeidet hadde gjort at dei ikkje kunne arbeide forsvarleg. Dette blei rett nok endra i nemndsbehandlinga, men nemnda ga oss ikkje støtte i kravet om å heve minstegrensa for vaktdeling frå tredelt og femdelt vakt. Vi har heller ikkje, trass mange utgreiingar, fått til vesentleg bedre finansieringsordningar for interkommunale legevaktordningar. Men desse spørsmåla er framleis like viktig for framtida til allmennmedisinen i utkant-Norge, og arbeidet må halde fram.

– Du har tatt del i Normaltarifforhandlingane. Er det noko du er spesielt stolt av at dere har fått til?

– I oppgjeret i 2006 fekk vi til ei bedring av takstane på ein del vaktarbeid som særleg kom til gode legar i utkantsstrøk. Elles har normaltarifforhandlingane vore vanskelege, med manglande vilje frå staten til å kompensere utgiftsauken vår og ein stadig auke i egenandelane som har skapt vanskar for ei fornuftig innretning av refusjonstakstane.

Vil framleis engasjere seg

– Kva skal du gjere no som du er ute av sentralstyret. Vil du framleis engasjere deg i tillitsvaltarbeid, eller vil du konsentrere deg heilt og fullt om legegjerninga?

– Eg er fortsatt tillitsvald i Hareid kommune og leiar av valkomiteen i Legeforeninga, så eg er ikkje ute av aktivt tillitsvaldarbeid. Eg har sagt ja til valkomiteen i Møre og Romsdal om å stille som kandidat til leiarvervet, men valet er ikkje før i slutten av august. Eg reknar med at arbeid for Legeforeningen framleis vil vere ein viktig del av livet mitt, sjølv om eg no voner på meir tid til familie og praksisen min og litt rolegare dagar.

Ottar Grimstad (f. 1950)

  • Spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin

  • Kombilege – kommunelege 1, helsesjef og allmennlege i Hareid frem til 2000 og allmennlege i Hareid fra 2000

  • Styreleiar i Møre og Romsdal legeforening fra 1999 – 2001, leiar fra 2001 – 03. Medlem av sentralstyret fra 2003

  • Tillitsvalt i Hareid kommune fra 2000

Anbefalte artikler