Old Drupal 7 Site

Ikkje heilt logisk om medisinsk logikk

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Bjørndal, A.

Tenke- og arbeidsmåter i medisinen

En innføring i den medisinske logikk. 3 utg. 286 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2007. Pris NOK 295

ISBN 978-82-05-37215-3

Arild Bjørndal har komme med ny bok om tenkje- og arbeidsmåtar i medisinen. Boka er skriven for lege-, odontologi- og ernæringsstudentar tidleg i studiet, men òg for legar under spesialisering. Ho er tydeleg i tradisjonen etter Wulff (rasjonell klinikk) og David Sackett (klinisk epidemiologi), men med tilleggsstoff om folkehelse og norsk helsetenesteorganisering og litt om forskingsprosessen. Det er kapittel om kva helsearbeidarar (mest legar) kan og korleis vi bør tenkje og arbeide, noko om sjukdomsomgrepet og korleis det er å vere sjuk, men hovuddelen er dei klassiske hovudområda for kunnskapsbasert medisin: etiologi, diagnostikk, prognose og terapeutisk effekt.

I mine auge har ikkje boka eit heilt logisk utval av tema. Dessutan tykkjer eg ikkje at rekkefølgja er like logisk for studentar i tidleg fase. Eg ville nok ha starta med folkehelsa og gitt ei innføring i norsk helseteneste før eg starta på tenkjemåten og den kliniske epidemiologien. Men valet er forfattarens.

Bjørndal er ein god forteljar, og han har ein personleg og direkte stil. Det tykkjer eg fungerer godt, og byrjarstudenten har ikkje problem med å skjøne at her er det ein kunnskapsrik godviljens forfattar som snakkar. Forklaringane er gode, eksempla mange og sjølv ganske vanskeleg stoff blir forklart slik at den uerfarne kan henge med i argumentrekkene.

Men eg har funne for mykje rusk til å kunne karakterisere boka som heilt vellukka. Bjørndal er i det vi på skøytespråket kallar den vanskelege tredjerunden. Da må ein forvente at forfattaren har luka ut det dårlege frå forrige runde og har oppdatert seg med naudsynt nytt. Her fullfører han løpet så vidt ståande. Omtalen av norsk helseteneste er ei utfordring, sjølv for ein som kjenner den. Her er helseteneste, velferdsstat og trygdeordningar om kvarandre. Forsøk på integrering virkar tilslørande meir enn prinsipielt avklarande. Pasientar oppsøker kommunelegen, primærlegen og allmennlegen om kvarandre, men aldri fastlegen. AMK og ambulansetenesta blir ein del av kommunehelsetenesta, heimebesøk blir framstilt som norm ved akutt sjukdom. Mange medisinske ord og uttrykk blir brukt utan tilstrekkeleg forklaring for målgruppa. Det er dumt å bruke kliniske eksempel (ferritin ved anemi) når måleeininga er amerikansk og ikkje norsk, sjølv om argumentasjonen er den same. Eksempla frå Noreg er så Oslo-sentrerte at eg tidvis lurer på om dette er eit lokalt kurskompendium. Referanselista er prega av bøker frå 1980- og 90-åra – nye, relevante manglar. Å referere til og endatil tilrå kjøp av den neste boka si er skribentmessig risikosport – spesielt når ein så gløymer å ta ho med i referanselista!

Eg kan ikkje tilrå boka for legar under spesialisering, til det er ho for enkel, men eg ønskjer at alle legestudentar skal kunne mestre dette stoffet før halve studiet er unnagjort.

Anbefalte artikler