Old Drupal 7 Site

Fascinerande om religion og psykiatri

Hans Olav Tungesvik Om forfatteren
Artikkel

Yalom, ID.

Religion og psykiatri

58 s. Oslo: Arneberg, 2007. Pris NOK 139

ISBN 978-82-91614-45-8

Irvin Yalom er ein forfattar som ein alltid oppsøkjer med spenning og forventning om å bli møtt med originale og nyskapande tankar. Så også ved lesing av dette vesle heftet på 58 sider, som eigentleg er ein takketale i samband med at han frå American Psychiatric Association fekk Oskar Pfister-prisen for året 2000 for viktige bidrag til religion og psykiatri.

Dei første 16 sidene er ei informativ innføring i forfattarskapen ved Finn Skårderud. Han tar fram fleire av dei sentrale læremeistrane til Yalom, som Freud, Jung, Schopenhauer og den norske filosofiprofessoren Dagfinn Føllesdal. Då Yalom fekk melding om at han skulle få denne prisen, steila han og meinte det måtte vera ei mistyding. «Er du sikker?» spurde han dr. Harding, som informerte han om den store æra. «Vet du at jeg oppfatter meg som praktiserende ateist?» Svaret var at komiteen meinte han hadde vigd livet sitt til religiøse spørsmål. Dette er noko av det interessante ved mennesket: Dei kan vere djupt religiøse utan å ha ei personleg tru. Somme kjenner nok på ei uro og er på leiting, slik Augustin var inne på, men med ein annan konklusjon: «Vårt hjarta er uroleg, Gud, inntil det finn kvile hos deg.»

Yalom omtalar eksistensiell psykoterapi og religiøs sjelesorg som søskenbarn – begge har som misjon å ta seg av den fortvilinga som fylgjer med det å vere menneske. Der ligg òg forklaringa på kvifor Yalom etter kvart i stigande grad har sett på psykoterapien som eit kall.

Som forklaring på sitt eige religiøse standpunkt og den intellektuelle ståstaden sin peikar jøden Yalom på si religiøse oppseding, som han omtalar som ein «pedagogisk katastrofe».

Den ortodokse jødiske synagoge var prega av ei rigid autoritetshaldning som han fann svært fråstøytande og som gjorde at han «mistet enhver mulighet for tro tidlig i livet».

Han minner om Schopenhauers ord om at dersom religiøs tru skal trivast, må ho plantast og slå rot tidleg i livet.

Yalom er amerikansk jøde, og han peikar på at det er ikkje lett å gi til kjenne mangel på tru i USA i dag som 80 % i spørjeundersøkingar erklærer at dei trur på eit liv etter døden.

Eksistensiell psykoterapi er eit nøkkelomgrep hos Yalom, og nettopp dette er tittelen på den banebrytande boka hans frå 1980. Der omtalar han dette som ein dynamisk terapeutisk tilnærmingsmåte der ein legg vekt på problem knytt til eksistensen. Dette utdjupar han ved å omtale det han kallar eksistensens grunnvilkår, knytt til fire spørsmål: døden, isolasjon, meininga med livet og fridom.

Utan å pådytte pasientane sine ein einaste tanke om desse spørsmåla har han erfart at han og dei – reisefellar som dei er – vil kome inn på alle desse tema som ein naturleg del av den terapeutiske prosessen. Og ein av hans konklusjonar er at det er ein samanheng mellom den religiøse lengten og den eksistensielle angsten. Ja, han postulerer jamvel at grunnen til at religiøs tru finst overalt, er at eksistensiell angst òg finst alle stader.

Å lese denne vesle boka var ei sterk og fengslande oppleving. Ho er lettlest og prisverdig fri for kompliserte filosofiske tankerekker og ein fin inngangsport til den rike litterære produksjonen til Irvin Yalom. For dei som enno ikkje har lese Yalom, trur eg boka vil gi meirsmak.

Anbefalte artikler