Old Drupal 7 Site

Klokt og vakkert om angst, AD/HD og låste liv

Bjarte Stubhaug Om forfatteren
Artikkel

Thorsen, G-RB.

Veien til Louisiana

88 s, ill. Stavanger: Hertervig forlag, 2006. Pris NOK 149

ISBN 82-92023-70-4

Gerd-Ragna Bloch Thorsen rakk akkurat å få denne boka ferdig før ho døydde brått i fjor. Ho blir litt som eit ettermæle på den måten, og dermed ganske spesiell for alle som kjende Gerd-Ragna.

 Men ho står godt på eigne bein og er både artig, interessant og lærerik lesnad. Ho er del av ein tradisjon frå Stavanger-miljøet, PsykOpp og Hertervig forlag, der komplekse tema om sinn og psykiatri blir formidla enkelt og godt for vanlege folk, ungdom som vaksne – eit viktig folkeopplysningsarbeid.

Veien til Louisiana handlar i det ytre om to ungdommar, Gunn og Atle, som på kvar sin måte er offer for psykiske plager, funksjonssvikt og fordommar knytt til desse. Dei møtest på ein helgetur til København, eit steg ut i verda som for begge inneber nye røynsler, ny erkjenning, nytt vågemot på livet og nye dører som opnast for livsutfalding. Ei lita reise i denne større reisa er besøket på kunstsamlinga Louisiana, der tittelen er henta frå. Det er mange nye og nyskapande former som der har fått sin plass og som gjev inspirerande opplevingar og ny erkjenning av både kunst- og livsformer.

Mor til Gunn har sterk angst og er plaga av posttraumatisk stress, noko som låser både henne og familien og avgrensar livsutfalding og vekst. Atle har AD/HD-plager, noko som gjer han til outsider og mobbeoffer og låser han i tap og tillitssvikt.

Veien til Louisiana handlar både om korleis dette kan arte seg – framstilt på ein måte som alle kan forstå – og korleis det kan løyse seg. Korleis det som var låst kan opne seg.

Historia er barnleg vakker, rørande vonfull og pedagogisk truverdig. Dette er lesnad for alle, for lek og lærd, men kanskje mest for barn og unge, for lærarar, føresette og anna godtfolk. Boka er god som bakgrunn for tema- og gruppearbeid i skule og undervisning, på helsestasjonar og i pasient- og foreldregrupper.

Ho kan lesast som ei vakker historie, som ei soge om sårbare sinn, om avgrensing og utfalding i livet, om tap og potensial.

Dette er ei bok det er lett å rå folk til å lese og bruke.

Anbefalte artikler