Old Drupal 7 Site

Kva er katolsk tru?

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Pollestad, KA.

Peters svar

Kristendom for dannede hedninger og lunkne kristne. 239 s. Oslo: Cappelen, 2007. Pris NOK 339

ISBN 978-82-02-27457-3

Sjølv om det blir påstått, mellom anna av Kjell Arild Pollestad, at vi lever i eit avkristna samfunn, har dei fleste her til lands ei meir eller mindre eintydig forståing av kva kristendom er. Tema knytta til den kristne trua er ynda debattemne, og det er gjerne sterke kjensler for eller imot når kyrkjelege spørsmål står på dagsordenen. Det som er mindre vanleg er at nokon tek seg bryet med å forstå og forklare kva kristendommen er sett innanfrå – kva kyrkjetalsmennene lærer i dag, korleis trua kan framstillast og begrunnast for moderne menneske. Det er dette pater Pollestad tek på seg. Han vil gi «en saklig omvisning i den troens katedral hvor de fleste europeere hadde et åndelig hjem helt til for et par generasjoner siden». Han er bekymra for vår nye status som moderne heidningar eller lunkne kristne, først og fremst fordi vi er i ferd med å bli uvitande om våre eigne røter i den europeiske kulturen.

Boka er lagt opp som ein tenkt dialog mellom Peter, den evige paven gjennom 2000 år, og den moderne heidning. Som kjent er paven i Roma den direkte etterfølgjaren til apostelen Peter, som blei henretta under keisar Nero og som etter tradisjonen ligg gravlagd under Peterskyrkja. Heidning spør og heidning argumenterer, Peter svarer og forklarer. Han er innom utruleg mange tema på 240 små sider – korleis kristendommen oppstod, korleis religion generelt oppstår, kva kjærleik er, kva fornuft er, tilhøvet mellom tru og fornuft, korleis det er mogeleg å vite noko om Gud, korleis ein bør tenke om sex, synd, Bibelen som Guds ord, skaping, treeining, korset, kristendommens framtid – og om kvifor ein veit at evangelisten Lukas var lege. Pollestad skriv enkelt og godt utan å bli overflatisk. Han er god til å forklare og lukkast i å aktualisere stoffet også for den moderne heidning. Her møter ein kristen apologetikk som ikkje er i forsvarsposisjon, men som heller ikkje pyntar på standpunkta for å bli politisk korrekt. Det mest tiltalande er korleis forfattaren maktar å skifte fokus frå den tabloide førestillinga om kristendommen som fordømming og fortaping til insistering på det som er kjerna: Guds kjærleik i Jesus Kristus.

Sjølv om dette er ein dialog mellom paven og heidningen, er det sjølvsagt Pollestad som talar gjennom dei begge. Som trufast katolikk er Pollestad også ein skarp kritikar av det moderne prosjektet og det moderne samfunnet. Mykje ved kulturen vår er galt. Vi har blitt einøygde, sjølvopptatte, nytingssjuke. Vår tids avvisning av det religiøse er ein slags galskap. Og galskapen ligg ikkje i at menneska har mista forstanden. Tvert om er det moderne menneskets skjebne at det har mista alt unntatt forstanden. Det moderne mennesket er sjukeleg logisk. Det moderne mennesket ser berre ei side av alt, i motsetnad til den truande, som ser at alt kan ha to sider og dobbelt botn.

Pollestad har levert eit engasjerande forsvar for den katolske trua. Han har mange gode poeng – utan at eg som lesar får lyst til å konvertere av den grunn. Eg trivst i min posisjon som lunken kristen, og går ikkje eingong med på påstanden om at vi er blitt så avkristna. Eg trur at også det spørsmålet er langt meir komplisert enn Pollestad vil ha det til.

Anbefalte artikler