Old Drupal 7 Site

Privat frå Kongo

Øyvind Watne Om forfatteren
Artikkel

Fosser, PE.

Kongo

Landet verden helst vil glemme. 198 s, ill. Oslo: Humanist forlag, 2007. Pris NOK 268

ISBN 978-82-92-62234-6

Kongo har dei siste åra vore utsett for omfattande valds- og krigshandlingar. Truleg har meir enn fire millionar menneske mista livet (1). Dette er omtala som ei av dei største humanitære katastrofane etter andre verdskrigen, men merksemda internasjonalt står ikkje i forhold til omfanget av lidingane. Mange av dei overlevande har svære skader etter overgrep. Det krevst omfattande og mangefasettert innsats for å rette opp dette. Offera treng behandling for fysiske lidingar, slik Medisinstudentenes Humanitæraksjon 2007 bidreg til (2), men dei treng også å få bearbeidd psykologiske traume.

Per E. Fosser har hatt ei spennande vinkling på dette arbeidet. Han er sceneinstruktør, dramaturg og skribent. Han fekk høve til å bruke kvalifikasjonane sine til å setje opp eit teaterstykke for og med tidlegare barnesoldatar. Teaterprosjektet skulle vere eit element på vegen mot fred. Han beskriv korleis han kjem i konflikt med oppdragsgjevaren i Noreg, i ein slik grad at prosjektet aldri vert realisert. Men Fosser klarer ikkje gjere greie for kvifor det gjekk slik. Etter at teaterøvingane vert innstilte får vi eit innblikk i dagleglivet til forfattaren i ein provinsby i Kongo.

Boka kan fungere som informasjon til dei næraste etter eit møte med ein røyndom som er mykje annleis enn den europeiske. Men ho gjev oss diverre liten innsikt i korleis kulturelt arbeid kan bidra til revitalisering av lokalsamfunn og einskildmenneske med krigstraumer. Fosser skal ha ros for engasjementet for ein lite påakta konflikt. Men det finst betre innfallsvinklar til stoffet (3, 4).

Anbefalte artikler