Old Drupal 7 Site

Kritisk medisinsk antropologi

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Ingstad, B.

Medisinsk antropologi

En innføring. 286 s, ill. Bergen: Fagbokforlaget, 2007. Pris NOK 398

ISBN 978-82-450-0502-8

Antropologi er ikkje noko mindre enn læra om mennesket. Fellesnemnaren er eit allment og komparativt perspektiv på mennesket som art og sosialt vesen. Antropologi i Noreg i dag er først og fremst sosialantropologi, eit fag som grensar opp mot økonomi, statsvitskap, sosiologi – og medisin. Sistnevnte primært i form av allmenn- og samfunnsmedisin. Derav dei to synonyme omgrepa «medisinsk antropologi» og «helseantropologi».

Benedicte Ingstad er ein av nestorane i norsk sosialantropologi. Alt tidleg i 1980-åra laga ho kurs for legar i medisinsk antropologi. Ho er professor i faget ved Universitetet i Oslo, og har no kome med ei innføringsbok som primært rettar seg mot studentar i antropologi og i helsefag. Boka er bygd opp med åtte sjølvstendige kapittel som gjerne kan lesast isolert. Stikkord for desse er «kva er antropologi?» samt kultur, klinisk blikk, kropp, kjønn og seksualitet, livsløp, psykiatri, individ og samfunn og vegen vidare.

Forfattaren skriv lett og ukomplisert, kapitla er ikkje for lange, layouten er oversiktleg, og enkelte emne er illustrerte med ein del fargebilete og eit svart-kvitt-bilete. Til slutt er det etterord, referanseliste og stikkordregister.

Ingstad legg ikkje skjul på at ho i god sosialantropologisk og medisinsk tradisjon har eit sterkt etisk engasjement i faget sitt. Ho gjer ikkje krav på å vere objektiv eller nøytral, og har nok rett i at ein gjerne kan problematisere slike ideal for dette faget. Derimot siterer ho antropologane Scheper-Huges og Bourgois, som omtaler antropologiens mandat som «a small practice of human liberation» (s. 236). Ho går ikkje av vegen for å vere personleg, og tillet seg iblant å vere klar på kva ho sjølv meiner om aktuelle samfunnsfenomen. Likevel lukkast ho stort sett godt med å leggje av seg dei kulturelle brillene sine og sjå verda slik dei ho har møtt ser henne. Eg synest kanskje ho lukkast minst med det når ho skal beskrive norsk medisinsk røyndom. Til dømes omtaler ho fenomenet «strukturell vald», eit omgrep introdusert av fredsforskaren Johan Galtung i 1960-åra, på ein måte som gir inntrykk av at det er slektskap mellom ulike typar folkemord og «sykehuslegene som skriver ut hjelpeløse gamle fra sykehusene» (s. 220). Med ein så vid og upresis begrepsbruk står ho i fare for å blir meir tabloid enn analytisk. Eg skulle ynskje at ho hadde dvalt litt meir ved teoretiske analysar og presentasjon av fagtradisjonar. Til dømes saknar eg stikkordet «semiotikk», sjølv om både norske og internasjonale antropologar har gitt viktige bidrag til semiotiske analysar av folks helseåtferd.

Dette er likevel for småtterier å rekne. Hovudinntrykket er ei godt gjennomarbeidd innføringsbok av ein forfattar som veit kva ho skriv om.

Anbefalte artikler