Old Drupal 7 Site

Makt og avvik

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Schaanning, E.

Makt og viten

Tekster i utvalg. 334 s. Oslo: Unipub, 2007. Pris NOK 369

ISBN 978-82-7477-331-8

I dei moderne vitskapane om mennesket som oppstod på 1800-talet, psykiatri, psykologi, kriminologi, pedagogikk, var det avvik ein fokuserte på. Kunnskap om årsak til avvik skulle hjelpe til å hindre at dei oppstod. Kunnskapen om dei unormale skulle nyttast til å disiplinere, kontrollere, oppdra, forbedre, helbrede. Kunnskap gav makt, makt gav kunnskap, avvikande åtferd blei underlagt bestemte maktmekanismar, som institusjonalisering, disiplinering, forhøyr og fengsel.

Det er denne dynamikken mellom makt, kunnskap og avvik Espen Schaanning har som hovudtema i denne boka. Schaanning er professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo. Eg oppfattar han som ei kritisk røyst i debatten om kva kunnskap og viten er og korleis den fungerer i vår tid. I si siste bok oppsummerer han mykje av sitt seinare forfattarskap i form av eit redigert utval av artiklar, bokessays og føredrag skrive dei siste 15 åra. Boka er redigert i sju deler etter stikkorda Vitenspolitikk, Ondskap, Rettsvesen, Fengsel, Psykiatri, Kriminologi og Politikk. Dei fleste artiklane er bokmeldingar utgitt i idéhistoriske tidsskrift. Boka har ingen spesifikk litteraturliste eller stikkordregister.

Det er alltid engasjerande å lese Schaanning. Han kvir seg ikkje for å gå inn i aktuelle og kontroversielle tema, han har originale og overraskande perspektiv på mange saker, og han er klar i sine konklusjonar. Det er tydeleg at Schaanning er inspirert av Michel Foucaults forfattarskap. Som Foucault er Schaannings metode å avsløre «de vitensdisiplinene som foreligger … ved å føre dem ut på glattisen, ut på farlige veier, usikker grunn, der man kanskje ikke føler seg så sikker, men hvor det dermed av desto større grunn skulle være mulig å se nye ting på nye måter» (s. 45). Han er opptatt av å fortelle historia åt vitskapane, og gjerne historia om korleis sentrale aktørar presenterer seg sjølv. Han raljerer over psykiatrien og psykiatriens måte å forstå på («personlig har jeg gått med selvmordstanker siden jeg gikk i ungdomsskolen» s. 236), og levnar psykiatrien generelt lite ære. Om Treholt-saka hevdar han at alt snakk om rettstryggleik må vere reint hykleri. Så lenge rikets tryggleik påstås å stå på spel, er domstolane verjelaust overlatt til fortolkningane til dei mektige.

Bjugn-saka kommenterer han i lys av hekseprosessane. I begge saker stod livsviktige saker på spel: Å trygge barns velvere, og å bli kvitt djevelens reiskapar. Begge aktverdige føremål sett med samtidas augo. Problemet er at dess meir livsviktig saka er, dess meir leitar ein etter mogelege teikn på avvik.

Schaanning ivaretar eit av dei viktigaste vitskaplege og akademiske ideala, nemleg alltid å vere kritisk. I tråd med dette er det også naturleg å møte analysane hans med eit kritisk blikk. Eg har ikkje kapasitet til å «avsløre» avsløraren Schaanning. Tvert om blir eg fasinert av hans retorikk. Likevel meiner eg at hans systematiske kritiske blikk har sine manglar, i alle fall dersom ein skal lese han som rettesnor for praksis. Han har omsorg for «systemets tapere» (s. 329). Det trur eg mange med han har, utan å trekke same konklusjonar av den grunn.

Schaanning seier sjølv i innleiinga at eit ideal for han har vore å gi lesaren «en lyst eller nytelse når han eller hun leser teksten». Langt på vei har han lukkast i det.

Anbefalte artikler