Old Drupal 7 Site

G. Saunes svarer:

Gunnar Saunes Om forfatteren
Artikkel

Ein auke av CO₂-konsentrasjonen gir ikkje målbar temperaturauke. Sjølv om det har vore ein CO₂-auke siste åra, viser NASA-målingar ingen auke av drivhuseffekten sidan målingane starta i 1978 (1). Dette er også i samsvar med absorpsjonsspekteret for utgåande infraraude strålar der vassdampen dominerer. «En fortsatt økning vil føre til at et system i noenlunde balanse blir alvorlig forstyrret,» skriv Helge Dyre Meen. Han tek feil: CO₂ vil, som andre gassar, følgje Henrys lov. CO₂ frå brenning av kol, olje og gass «bygger seg» ikkje opp, men fylgjer natrulovene, tilliks med CO₂ frå andre kjelder som vulkanar og skogbrannar, jf. Henrys lov og Guldberg-Waages lov (2). Det er rett nok målt ein temperaturauke siste ca. 100 åra på om lag 0,6 grader, men dette er ikkje pga. CO₂-auke. Det er omvendt: Først temperaturauke, sannsynlegvis pga. auka solaktivitet, så CO₂-auke (3). 1990-åra var ikkje det varmaste tiåret. Korrigerte målingar frå NASA viser at av dei ti varmaste åra var fire i 1930-åra og tre i 1990-åra. Og kva med åra som kjem? Les ei interessant artikkel av dr. Oleg Sorokhtin, ein russisk vitskapsmann (4).

Kan vi lite på IPCC? Mitt svar er nei (2). Svært mange forskarar er usamde med IPCC. Fleire har meldt seg ut, og mange har skifta meining og vorte klimaskeptikarar (5). 100 av dei har nyleg signert eit ope brev til generalsekretæren i FN med kritikk av IPCC.

Kort sagt: Inga forsking viser at CO₂-auke påverkar klimaet. Treng ein kunnskap om klimaet, bør ein gå til andre kjelder enn IPCC og Al Gore. Klimaet vil utan særleg tvil endre seg, det har det gjort og det vil det nok gjere i framtida også – uavhengig av påverknad frå mennesket.

Anbefalte artikler