Old Drupal 7 Site

Medisinsk naudhjelp til sjukeheimane

Magnus Valland Om forfatteren
Artikkel

Som ung og nytudanna lækjar fylgjer eg med interesse debatten i Tidsskriftet mellom Lars Helling og Odd-Roe Skogen rundt dagens sjukeheimsmedisin (1 – 3). Forutan overvekt og komplikasjonar til dette, vil den store utfordringa for min generasjon helsepersonell vere ei aukande gruppe med eldre pasientar. Ei god sjukeheimstjeneste er naudsynt for å møte denne utfordringa.

Stoda ved norske sjukeheimar er grell. For kveg er det krav om årleg utetid, men menneskje haldast inne året rundt i ein sjukeheim. Medan lækjemedel skal ordinerast for å avhjelpe ei medisinsk problemstilling, ordinerer ein ofte ved sjukeheimar lækjemedel mot biverknader frå andre lækjemedel. Transport av sjuke eldre frå deira vante omgjevnader, utløyser nye problemstillingar og frustasjon hjå handsamar. Norske sjukeheimar treng medisinsk naudhjelp, nokon må ringje 113 – snarleg.

Kva bør denne naudhjelpa innehalde – fleire lækjarar? Ny bygningsmasse? Meir fagpersonell? Påstanden min er at norske sjukeheimar allereie har dyktige og engasjerte hjelpepleiarar, sjukepleiarar og lækjarar. Problemet er at dei manglar enkle retningslinjer å halde seg til for å levere ei betre tjeneste med høgare kvalitet.

Forum sjukeheimsmedisin har utarbeid standard for lækjartimar i høve til ulike pasientgrupper innlagde på sjukeheim, og dette er bra. Ein treng fleire standardar, f.eks. for lækjemedelordinering, hygiene, informasjon til pårørande, kosthald og medisinsk status til pasienten. Desse kan implementerast utan å endre drifta, og bør kvalitetssikrast.

Eldre og røynde kollegaer er med dette utfordra; det er i vår interesse å betre høva ved sjukeheimane – både som fagfolk og som komande pasientar.

Anbefalte artikler