Old Drupal 7 Site

Kvar skal dei gamle behandlast?

Odd-Roe Skogen Om forfatteren
Artikkel

Eg deler stort sett synet til Lars Helling i lesarinnlegget i Tidsskriftet nr. 7/2008 på sjukeheimsfunksjonen (1), men reagerer på dei mange udokumenterte påstandane hans. Helling skisserer verdfulle opprustingstiltak for sjukeheimane som, om dei vart gjennomført, ville resultere i at «svært mange sykehusinnleggelser unngås». Finst det adekvat dokumentasjon på dette? Innlegging i sjukehus vert styrt av haldningar og krav så vel som sjukeheimsressursar.

Det blir feil å samanlikne legedekninga i sjukehus og sjukeheim per seng. Ei medisinsk avdeling med 80 senger har 6 000 –  7 000 pasientar per år og 12 000 – 15 000 polikliniske konsultasjonar. Ein sjukeheim med 80 senger har neppe meir enn 300 – 600 innleggingar. Minst halvparten av legane ved ei tradisjonell medisinsk avdeling er i utdanningsstilling, og mykje legetid går med til vaktfunksjon, dokumentasjon, fagutvikling mv.

Utsegna «De medisinske problemene hos sykehjemspasientene er således antakelig større enn sykehuspasientenes» kan Helling neppe meine. Eg er likevel samd i at legedekninga (og sjukepleiardekninga) ved sjukeheimane er altfor dårleg. Eg deler synet til Helling om at flytting av gamle sjuke er uheldig. Men «flytteargumentet» brukt mot intermediæravdeling blir likevel feil – fordi Helling og Garåsen og medarbeidarar (2) snakker om ulike pasientkategoriar.

Intermediæreiningar vil sikkert kunne fungere som supplement i nokre tilfelle, men neppe som eit etablert ledd i helsetenestetilbodet til gamle. Den nyanserte konklusjonen til Garåsen og medarbeidarar styrker meg i dette synet: «… i hovedsak handler det om den strukturerte og systematiske kommunikasjon med ansvarspersoner i pasientens sosiale nettverk og med kommunenes helse- og omsorgstjenester – foruten enhetens helsefaglige kompetanse og ressurser.» Kan ein ikkje oppnå dette utan ein ny type «mellomstasjon» dersom aktørane i heile behandlingskjeda tek sin del av samhandlinga samstundes som alvoret i kompetanse- og ressurssvikten på sjukeheimssektoren blir teken på alvor?

Dette inneber ei satsing både i spesialisthelsetenesta og i kommunane så dei gamle kan få ta del i spesialisthelsetenesta når dei treng det, på sine premiss og etter følgjande tre prinsipp: minst mogleg flytting, rask hjelp av kompetent helsepersonell og rehabilitering/aktivering som ein naturleg og integrert del av behandlingstilbodet. Vi treng ei djuptgåande drøfting av krav og forventningar, fagleg opprusting av sjukeheimane og tilrettelegging for gamle på sjukehuset (spesielt integrert aktivisering/rehabilitering og personale med geriatrisk kompetanse).

Kanskje vi då ikkje treng «nyskapinga» intermediæreining, som eg er skeptisk til. Ho kan bli teken til inntekt for noko ho ikkje er, nemleg eit reelt alternativ til spesialisthelsetenesta – med svekking av det ansvaret sjukehuset har i høve til dei gamle og som konsekvens forringe tilbodet totalt sett. Heller ikkje opprusting av sjukeheimane må tolkast og gjennomførast på ein måte som gir slik konsekvens.

Anbefalte artikler