Old Drupal 7 Site

Urinundersøking i ånda til Hippokrates og Hermogenes

Ingrid Os Om forfatteren
Artikkel

Thongboonkerd, V

Proteomics in nephrology

Towards clinical applications. 203 s, tab, ill. Basel: Karger, 2008. Pris CHF 228

ISBN 978-3-8055-8544-6

Målgruppa er svært liten – ikkje berre fordi dette er eit spesielt område, men òg fordi Proteomics in nephrology faktisk ikkje er laga for andre enn dei som syslar med feltet eller har det som særinteresse – det kan vere den forskingsorienterte nyrelegen eller forskaren som kan gjere protein- og peptidprofilering i samarbeid med klinikaren. Det skulle ha vore ei innleiing som gjorde lesaren kjent med fagområdet og klårgjorde ord, forklarte fordelar og ulemper ved å bruke urin som kjelde for biomarkørar og omtala teknikkane kort. Dette er volum 160 i serien Contributions to nephrology (redaktør C. Ronco), der det kjem ut ei bok 5 – 6 gonger kvart år.

Layouten er kjedelig, med svært få tabellar og illustrasjonar. Det mest fargerike er permen. Kvart kapittel er skrive med same oppbygging som ein artikkel, av superekspertar. Det gjer ikkje akkurat stoffet lettare å skjøne for klinikaren.

Proteomikk er eit ukjent ord for dei fleste. Det beskriv lærdomen om struktur, funksjon, organisering og interaksjon av ulike protein- og peptidsamansetningar (proteom). «Proteom» er bygd opp av orda «protein» og «genom». Proteom i kroppsvæske og vev kan variere under påverknad av ulike stimuli eller sjukdomsprosessar og avhengig av genpåverknad. Avanserte, raske og effektive analysemetodar (massespektrometri) kjent frå biomolekylær og genetisk forsking vert nytta for å kartlegge proteomet. Profilering av protein- og peptidsamansetning er gjort i urin, som er lett tilgjengeleg i store mengder, og dette kan potensielt identifisere og kvantitere nye biomarkørar ved ulike sjukdomstilstandar (akutt nyresvikt, nefrotisk syndrom, nyrekreft, rejeksjon ved transplantasjon og forskjellige urologiske tilstandar vert omtala). Dette er eit spanande nybrottsområde som har ei stund fram til klinisk bruk.

Sidan urin vert laga i nyrene, har det sjølvsagt i hovudsak vore patologiske prosessar i nyre og urinvegar som har vorte undersøkt, men proteomet i urin kan òg potensielt vere av nytte ved andre sjukdomar, for eksempel systemsjukdom eller spesifikke organmanifestasjonar. Sjølv om 70 % av informasjonen i urinproteomet kjem frå nyrer og urinvegar, så er 30 % av proteomet protein/peptid som er filtrert gjennom glomerulus. Det er nå påvist meir enn 1 500 ulike protein i presumptivt normale urinprøver frå friske individ. Det er kome fram i år at urinproteomet kan ha opptil 100 000 ulike peptid, så dette er komplekst.

Proteomikk er eit nytt fagfelt som kan bli eit viktig diagnostisk og prognostisk hjelpemiddel, ikkje minst for å skjøne patofysiologi, men klinisk bruk ligg nok langt fram i tid.

Anbefalte artikler