Old Drupal 7 Site

Minileksikon om makromolekyl

Anders Molven Om forfatteren
Artikkel

Giös, I.

Cellbiologisk ordbok

117 s. Lund: Studentlitteratur, 2008. Pris SEK 278

ISBN 978-91-44-03125-5

Denne vesle boka er nyttig av to grunnar: For det første er ho eit oppslagsverk der ein kan finne forklaring på ei lang rekkje omgrep innan cellebiologi og nærliggjande felt som biokjemi, immunologi, molekylærbiologi og genetikk. For det andre medverkar ho til å hindre språkleg domenetap. I verdsmålestokk er dei skandinaviske språka ikkje spesielt store. Dei tapar på mange område av samfunnslivet lett terreng for meir utbreidde språk, då først og fremst engelsk. Cellbiologisk ordbok kan slik sett vere ei hjelp til å oppretthalde svensk (og dermed indirekte norsk) fagterminologi og rettskriving innanfor dei biomedisinske fagfelta. Rett nok er bruksverdien for nordmenn litt redusert, sidan det trass alt er ein del som skil svensk og norsk. Denne bokmeldaren kjende i alle fall ikkje til tydinga av «var» og «kvaddel»!

Stikkprøver syner at omgrepa stort sett er forklarte på ein tilfredsstillande måte. Men ein glipp er at orda «høgt blodsukker» og «mellitus» er heilt fråverande under omtalen av diabetes. Diabetes insipidus, derimot, har fått ein ordentleg definisjon. Det største ankepunktet er at orda Cellbiologisk ordbok burde vore så mykje større! Utvalet av omgrep kan slik sett verke noko tilfeldig. Kvifor er lymfom og sarkom oppslagsord, men ikkje karsinom? Kva er grunnen til at adenovirus og hiv er omtala, men ikkje humant papillomvirus og herpesvirus? Forfattaren tek atterhald om at boka ikkje dekkjer alt, og har laga ein positiv vri på dette ved å gje informasjon om korleis lesarane enkelt kan sende inn forslag til nye termar som treng forklaring. Såleis kan ein vone at Cellbiologisk ordbok vert meir omfangsrik i neste utgåve.

Anbefalte artikler