Old Drupal 7 Site

Lettlesen innføringsbok i ny utgåve

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Ohnstad, B.

Juss for helse- og sosialarbeidere

4. utg. 427 s. Bergen: Fagbokforlaget, 2009. Pris NOK 438

ISBN 978-82-450-0813-5

Noreg må vere det landet i verda som har det breiaste tilbodet av innføringsbøker med høg kvalitet innanfor helse- og sosialrett. For eit ungt og dels tverrfagleg emne, slik som helserett, er det ein styrke at ein har stor tilgang på god faglitteratur på nasjonalspråket. Dette er ei av fleire bøker som er berekna på studentar i grunnutdanning innanfor helse- og sosialtenesta. Ho kjem no i fjerde utgåve, og det er i seg sjølv eit teikn på at ho forsvarer plassen sin i marknaden.

Dei første delane omhandlar allmenne rettsprinsipp og juridisk metode. Dei følgjande kapitla handlar om dei ulike regulatoriske felta i velferdsretten, slik som sosialrett, helserett, barnevernsrett og trygderett. Til slutt blir fire relevante domar frå Høgsterett presenterte.

Juss for helse- og sosialarbeidere spenner såleis ganske vidt. Det gjer at dette blir ei lærebok for dei som ønskjer ei brei og samanhengjande innføring i feltet, meir enn eit oppslagsverk for dei som søkjer etter spesifikke juridiske forståingsmåtar eller svar. Det er også den samanhengjande presentasjonen som er den sterkaste sida. Særleg er det vit å få i den første delen, som handlar om prinsipp og metode. Strukturen på kvart av kapitla om dei ulike regulatoriske felta er ulik. Barnevernslovgjevinga blir presentert paragraf for paragraf, medan helselovgjevinga blir framstilt tematisk. Dette gjer ikkje noko for forståinga av stoffet om ein les frå start til slutt, men det forstyrrar når eg prøver å samanlikne framstillinga av lovgjevinga innanfor dei ulike felta.

Forfattaren tek opp både sentrale tema og tema som er litt meir i utkanten av helse- og sosialretten. Viktig stoff som menneskerettane blir teke fram. Litt særare saker som helseforetaksloven blir òg omtala. Eg saknar lovgjevinga om forsking, og så kunne eg også ønskt meg litt meir som likskapar og ulikskapar mellom etikk og juss. Like eins kunne miljøretta helsevern fått noko omtale, særleg fordi denne boka blir brukt ved utdanning av personell som ganske raskt får leiaroppgåver i den kommunale forvaltninga.

Og så klart finn eg jo nokre detaljar som burde ha vore retta i ei revidert utgåve av ein velbrukt tekst. Det er lenge sidan Stortinget hadde ein sosialkomité (s. 37), og det er ikkje berre legar som kan rekvirere lækjemiddel (s. 53).

For den som ønskjer ei lettlesen innføring i tenkemåtar og normstruktur i den norske velferdsretten er dette eit godt alternativ.

Anbefalte artikler