Old Drupal 7 Site

Truverdig barnebok om cøliaki

Margit Brottveit Om forfatteren
Artikkel

Røine, WH.

Stian trenger en trollmann

88 s, ill. Oslo: Holm og Tangen forlag, 2009. Pris NOK 169

ISBN 978-82-8145-007-3

Dette er ei illustrert barnebok om det å ha cøliaki. Hovudpersonen heiter Stian og er ni år. Målgruppa er nok born i småskulealder. Det er rikeleg med tekst, slik at handlinga vil vere for omfattande for mange yngre born. Eg er litt usikker på om boka bør lesast høgt, eller om den eignar seg for eigenlesing. Kvart kapittel har ein tittel etter ei einskild hending eller ein tanke som Stian har. Dette fungerer fint.

Eg får ei kjensle av at forfattaren ynskjer å gjere temaet ufarleg ved å bruke fontar som etterliknar handskrift og dels idylliserande teikningar. Derimot er det ei motvekt i Stians fantasiar om trollmenn og flate tarmtottar, som er livaktig illustrerte. Like heldig er ikkje skildringa av dei store, skumle gutane i klassen, Nikken og Påsan. Både illustrasjonar og val av kallenamn gjev her assosiasjonar langt tilbake i tid. For Harry Potter-generasjonen fengjer det nok meir med trollmannen som vil gi Stian tryllemjøl som han ikkje vert sjuk av. Av og til tippar boka over i å verte opplysningsmateriell. Det verkar litt søkt at ein niåring les varedeklarasjonen på ei ølflaske.

Hovudpersonen Stian har klassiske cøliakisymptom og får raskt diagnosen når foreldra oppsøkjer fastlegen. I mange tilfelle er det som kjent ein meir kronglete veg til diagnosen. Forfattaren har evna å omtale mange ulike situasjonar som kan vere vanskelege for ein med cøliaki. Eg bit meg særleg merke i historia om den elles så greie læraren, Kalle, som ikkje forstår at baking er bortkasta når ein ikkje kan smake på deigen.

Eg lånte bort boka til ein kollega med ei 7-årig dotter som har cøliaki. Jenta kjente seg att i mange av hendingane, og det vart fleire gode samtalar i kjølvatnet av høgtlesinga.

Fagleg er boka godt gjennomarbeidd utan skjemmande faktafeil. Forfattaren har sjølv cøliaki og er styremedlem i Norsk Cøliakiforening. Johan Ek, som har omfattande erfaring med cøliaki hjå born, er medisinskfagleg konsulent. Det er prisverdig med utgjeving av ei opplysande barnebok om ein slik vanleg tilstand (prevalens 1 : 100), og eg har god tru på at denne kan nå målgruppa.

Anbefalte artikler