Old Drupal 7 Site

Fødselsutfall går i arv

Anne Forus Om forfatteren
Artikkel

Er kvinna fødd for tidleg, har borna hennar auka risiko for å døy i perinatalperioden. Er mora eller faren fødd i seteleie, er det auka risiko for at borna òg vert det.

Tone Irene Nordtveit. Foto Jan Kåre Wilhelmsen, Universitetet i Bergen

Dette viser Tone Irene Nordtveit i avhandlinga Generations, reproduction and birth outcome. A registry-based cohort study in Norway 1967 – 2006. Ho har sett på korleis arv, miljø, livsførsle og sosioøkonomiske tilhøve påverkar fødselsutfallet over generasjonane.

– Resultata våre viser at erfaringane i éin generasjon verkar inn på fødselsutfallet i neste. Vi fann at det var meir enn to gongar auka risiko for setefødsel hjå born der mora eller faren sjølve var fødd i seteleie til termin. Dette skuldast truleg gener overførde til fosteret frå ein av foreldra. Gjentakinga frå faren var like sterk som gjentakinga frå mora. Dersom mora var fødd for tidleg, var det auka risiko for perinatal død hjå borna. Mødrer som sjølve var fødde mellom veke 28 og veke 30, hadde tre gonger auka risiko for å miste borna sine som mødrer fødde til termin. For fedrar som var fødde for tidleg, var det derimot ikkje auka risiko for å miste borna, seier Nordtveit.

Kvinner som var først i ein søskenflokk, hadde lågare fødselsvekt enn kvinner lenger ut i flokken. Då det er samanheng mellom fødselsvekta til mora og vekta til barnet, skulle ein tru at førstefødde kvinner fekk dei minste borna. Resultata til Nordtveit viser det motsette, truleg fordi førstefødde kvinner generelt hadde ein sunnare livsstil.

Avhandlinga byggjer på analysar frå Medisinsk fødselsregister. Nordtveit disputerte for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen 22.1. 2010.


Perinatal død: Barnet er dødfødd eller døyr i løpet av første leveveke.

Anbefalte artikler