Ved Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna har vi sidan 2003 bygd opp ein forskingsseksjon.Vi trur at erfaringane våre kan vere nyttige også for andre små helseføretak og avdelingar i spesialisthelsetenesta. Langsiktig tenking, fagleg støtte og forskingsnettverk er særs viktig.
For små helseføretak kan det å starte med forsking vere ei ekstra stor utfordring. Årsakene til dette er mange, men mangel på fagfolk med forskarkompetanse, lang veg til universitetsmiljøa, den stadige kampen for å fylle spesialiststillingane og generell ressursmangel er nokre grunnar. Det er likevel viktig at dei mindre føretaka er medvitne om kva ansvar dei har for å lage forskingsstrategi og for å produsere forsking i klinikkane sine (1 – 4). Det er grunnar for at dette lønner seg på sikt.
Då vi ut fra publikasjonsproduksjon (fig 1) meiner vi er på veg til å lykkast i forskingssatsinga vår, ønsker vi i Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna å dele røynslene våre med leiarar og forskingsinteresserte klinikarar. Ved å bruke vår forskingssatsing som døme ønsker vi å svare på følgjande spørsmål: Korleis kan leiinga i eit mindre helseføretak eller avdeling få til forsking? Korleis skal ein organisere det heile? Kva type ressursar må ein tilføre? På kva måte bør den forskingsinteresserte klinikaren kunne forvente å bli ivaretatt? Kva ringverknader oppstår av forskingsarbeidet i klinikken?
Figur 1 Talet på vitskaplege publikasjonar i satsingsperioden 2003 – 09, Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna
Historikk
Satsinga på forsking i Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna starta i 2003 ved at klinikkdirektør oppretta ei halv stilling som forskingskoordinator. Oppgåvene til forskingskoordinatoren var å kartlegge eksisterande forskingsprosjekt i klinikken, formidle kontakt mellom klinikarar og relevante rettleiingskrefter i universitetsmiljø, informere om stipendkjelder og informere om korleis dei forskingsinteresserte skulle gå fram for å finne problemstilling, lage prosjektnettverk og prosjektprotokoll. I 2007 oppretta vi ein eigen forskingsseksjon. Dei to første ph.d.-kandidatane fra klinikken disputerte hausten 2009.
Leiarforankring og organisering
Vi tenker at leiaren tidleg bør lage forskingsstrategi med tilhøyrande plan for gjennomføring. I den forskingspolitiske strategien må det vere fokus på organisering, løn og tilsetjing. Det er viktig å vere klar over at det tar tid å bygge forsking (5 – 10 års perspektiv) og at stabilitet i leiinga er ein fordel.
Vi har funne det naudsynt å opprette leiar-, koordinator- og forskingsassistentstillingar i Forskingsseksjonen. Seksjonen har budsjett, prosedyrer for mellom anna internkontroll og rapportering, og eigne lokale. Fagaktiviteten som Forskingsseksjonen driv, kan fungere som mal for andre som ønsker å opprette eit forskingsmiljø:
Open internundervisning kvar 14. dag med fokus på generell metode og statistikk
Årleg internseminar med eksterne forskarar
Begynnarkurs i metode og statistikk
Lokale forskingsfaglege nettverksmøte
Fagleg støtte og forskingsnettverk
Våre forskarar er avhengige av den kompetente forskingsfaglege rettleiinga, nettverka, dei faglege kursa, ph.d.-utdanningsprogrammet og forskarskulane som Universitetet i Bergen tilbyr. Alle ph.d.-stipendiatane våre har hovudrettleiar med universitet som arbeidsstad.
Då medlemskap i relevante forskingsnettverk er nyttig for å få kontakt med gode rettleiarar og samarbeidspartnarar, og som stipendkjelder, har vi fordra slike medlemskap hos våre tilsette. Lokalt har forskingskoordinator oppretta det opne lågterskel «Fonnanettverket for forsking på mental helse». Dette verkar forskingsstimulerande ved at medlemmene får tilsendt forskingsrelevant informasjon, og ved at medlemmene utgjer eit utval til å rekruttere fra ved behov for bistand ved datainnsamling i klinikken. Vidare er forskarane våre ofte tilknytta større nettverkssatsingar og kompetansesentra i regionen (5).
Forsking og klinisk verksemd
Kliniske seksjonar bidrar til forskingarbeid ved å avstå klinikarar til Forskingsseksjonen mot frikjøpsmiddel. Når ein tilsett ønsker å forske, krev føretaket at han/ho søker eksterne stipendkjelder før eventuell tildeling av interne forskingsmiddel. At ein klinikar går ut i forskingspermisjon kan i eit kort perspektiv føre til auka arbeidsbyrde på kollegaer i klinikken. Imidlertid meiner vi at forskingsaktivitet i lengre perspektiv kan bidra til å gi klinikken eit godt omdømme. Nytilsette hos oss har ved fleire høve gitt uttrykk for at mogelegheit til å forske har medverka til at dei begynte i klinikken. I tillegg kjem effektar i form av auka kompetanse og kvalitet på rutiner og behandlingstilbod, når klinikarar bidrar i datainnsamlingsarbeid og systematiske intervensjonar. Forskingsseksjonen bidrar fra si side til fagutvikling i klinikken gjennom kurs, fagseminar og undervisning.
Så kan ein spørje seg: Er det lett for at forsking utført i helseføretak blir dårleg forsking? Svaret kan vere: Dersom forskaren ikkje har tilgong til kompetent rettleiing eller ikkje blir gitt tid til å forske, kan resultatet bli fagleg dårleg eller inga forsking. Vi vil likevel hevde at nærleik til pasientane medfører at klinikarane finn gode, relevante forskingshypoteser, og at datatilgongen er god. Deltids forskarstillingar og dobbeltkompetanseløp gjer det også mogeleg å gjennomføre longitudinelle studiar med lang oppfølgingstid. Dette er faktorar som er med på å skape relevant forsking av god kvalitet.
Plan og utfordringar framover
Der er enno nokre «barnesjukdomar» i vår organisasjon når det gjeld forsking. Mellom anna manglar vi gode nok rutinar på føretaksnivå når det gjeld løns- og personaladministrative forhold, og det er vanskeleg å finne gode vikarar i kliniske seksjonar når tilsette søker permisjon for å forske. Problemet med «lønsgapet» mellom klinisk arbeid og forsking er der fortsatt, trass i mogelegheit for klinisk arbeid i vakt eller deltid parallelt med forsking.
Etter ein «stimulerings- og oppbyggingsfase» over seks år ønsker vi nå å vidareutvikle forskingssatsinga ved å ivareta kompetanse på postdoktornivå, å opprette to nye «doppeltkompetanse»-stillingar for psykologar innan rus og å stimulere til forsking utført av høgskoleutdanna grupper som sjukepleiarar, sosionomar, ergoterapeutar m.v. Spissing av tematisk fokus vil vi gjere etter føringar gitt i bestillardokumenta. Mellom anna følger vi opp i forskingssatsinga til Helse Fonna «Nettverk for forsking på behandlingsliner og samhandling i helsetenesta», som er ei forskingssatsing som kombinerer fagleg spissing, lokalt samarbeid, fagleg relevans for verksemda og regionalt og internasjonalt samarbeid. Grunnpilarar for forskingsaktivitet i eit helseføretak er etter vår meining leiarforankring, fornuftig organisering, økonomisk tilrettelegging for klinikarar, fagleg støtte lokalt og tilgong til kompetente rettleiingskrefter fra universitet eller andre forskingsinstitusjonar. Vi håpar råda våre (ramme 1) kan vere til nytte for andre småe føretakseiningar som vil forske.
Ramme 1
«Oppskrift» på korleis ein kan bygge opp forsking i mindre avdelingar/helseføretak
Definer forskingsfaglege satsingsområde i samsvar med bestillardokumentet til føretaket
Begynn med koordinatorstilling, seinare forskingsavdeling
Sats på eksterne kjelder for frikjøpsmiddel (regionalt helseføretak)
Kartlegg forskingsaktivitet, motiver forskingsinteresserte til å lage prosjektprotokoll, -nettverk og søke forskingsfrikjøp
Likestill klinisk arbeid og forsking personaladministrativt og lønspolitisk
Lag organisasjonsstruktur for løns- og personaladministrasjon av klinikarar i forskingsfrikjøp
Gi startfaseordningar for prosjekt (20 % arbeidstid i eitt år til å lage prosjektprotokoll og 50 % til første artikkel)
Knytt forskingsprosjekta opp mot universitet/høgskule (rettleiing) og utanlandske forskingsinstitusjonar med høg og riktig kompetanse
Sats på ph.d.-prosjekt føre mindre prosjekt
Bli god på statistikk og annan metode ved hjelp av kurs, internundervisning, forskingskonferansar og gode rettleiarar
Bruk/skap forskingsnettverk (NB! Også utland)
Tilby godt sosialt/fagleg miljø og synleggjer bidraga til forskarane i klinisk samanheng
Forskingsstrategiar og planar for gjennomføring må vere langsiktige (5 – 10 år)