Old Drupal 7 Site

Medikamentell abort i 9. – 12. svangerskapsveke

Mette Løkeland Om forfatteren
Artikkel

Medikamentell abort er effektivt og akseptabelt for kvinner i 9.-12. svangerskapsveke, er eit viktig alternativ til kirurgi og burde vere eit tilbod til alle kvinner.

Dette er konklusjonen i ein prospektiv norsk studie med 254 kvinner som fekk tilbod om medikamentell abort (1). Dei hadde begjært svangerskapsavbrot, hadde ei svangerskapslengd på 63 – 90 dagar og fekk mifepriston 200 mg peroralt og 800 µg misoprostol vaginalt 48 timar seinare. Misoprostol 400 µg vart gjeve kvar 3. time inntil fem dosar om nødvendig. Sjukepleiar observerte avstøtte produkt for å vurdere om aborten var fullført. Kvinnene vart behandla som dagpasientar. Ein klinisk kontroll med ultralyd vart utført 8 – 14 dagar etter behandlinga. S-hCG-nivå vart bestemt både ved behandling og kontroll.

Komplett abort vart oppnådd i 91,7 % av tilfella. Vakuumaspirasjon vart utført hos 21 (8,3 %). Median tid frå misoprostoladministrasjon til komplett abort var 4,5 timar, og over 90 % hadde ein komplett abort innan åtte timar. S-hCG-nivået hadde falle med 97,5 % ved kontrollen hos dei som hadde hatt ein vellukka abort. Dei fleste var nøgde med behandlinga (91 %).

Dette er den fyrste studien om medikamentell abort for denne svangerskapslengda i Skandinavia og ein av dei fyrste i verda. Eit viktig medisinsk prinsipp er at konservativ behandling skal føretrekkast framfor kirurgi dersom resultatet vert like bra. Dette er no standardmetoden ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus, og er beskrive og tilrådd i den norske nasjonale rettleiinga i gynekologi (2). Fleire klinikkar i Noreg har starta opp tilbodet om medikamentell abort for denne svangerskapslengda.

Anbefalte artikler