Old Drupal 7 Site

Helserett for dei særleg interesserte

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Madsen, HB.

Privatisering og patientrettigheder

497 s. København: DJØF Forlag, 2010. Pris DKK 650

ISBN 978-87-574-2147-7

Dette er rett og slett ei dansk, juridisk doktorgradsavhandling utgjeven uendra i vanleg bokform. Det er difor liten grunn til å tru at lesarkrinsen blir særleg stor, korkje i Danmark eller i Noreg. Men den danske teksten er godt skriven og innhaldet godt strukturert. Om det skulle vere nokon som har lyst til å setje seg grundigare inn i kor helseretten i nabolandet står for tida, er såleis dette ei aktuell bok.

Forfattaren støttar seg i det vesentlege til danske rettskjelder når ho gjennom ei rettsdogmatisk, ganske tradisjonell juridisk fortolkande tilnærming prøver å finne svar på spørsmåla sine. Undringane hennar krinsar om kor mykje av forvaltningsretten som følgjer med når den offentlege helsetenesta set bort gjennomføring av oppgåver til private tenesteytarar. Den danske helsepolitikken har mykje til felles med den norske. Det danske rettssystemet er heller ikkje ulikt vårt. Drøftingane er såleis relevante for norske forhold. Dette blir også understreka ved at forfattaren gong på gong viser til synspunkt og drøftingar gitt av norske rettsvitskapsfolk.

Ein gjennomgåande, ikkje uventa, grunntone er at ein kan setje bort oppgåver, men ikkje ansvar. Likevel er det interessant å sjå at fleire av dei juridiske omvegane som forfattaren må ta for å kome til målet, unngår vi her til lands ved at vi har reglar i pasientrettslova som gjeld direkte overfor private så vel som offentlege tenesteytarar.

Ein interessant diskusjon følgjer forfattaren diverre ikkje særleg langt. Ho problematiserer den normative sikringa av pasienten gjennom legeetikken. Eit sentralt argument for henne er at legeetikken ikkje blir kontrollert av eit eksternt prøvingsorgan med særleg legitimitet. For den offentlege helsetenesta gjeld kravet om god forvaltningsskikk. Det kan overprøvast både av domstolane og ombodsmannen. Eit tilsvarande krav bør lovfestast også for private utøvarar, skriv ho. Her skulle eg gjerne sett at ho hadde kome med ei vurdering av kravet om forsvarleg verksemd i den norske helseretten.

Dersom dette hadde vore noko anna enn ei doktorgradsavhandling med ein svært så målretta tematikk, ville eg ha venta meg meir samanlikningar mellom korleis ein har ordna seg i Danmark i forhold til nabolanda i Norden og Europa.

Eg ville truleg ikkje ha kjøpt boka om eg hadde snubla over henne i ein dansk bokhandel. Men når eg no blei påført lesinga under ei kjensle av mild tvang så må eg faktisk seie at tidsbruken har vore rekningssvarande.

Anbefalte artikler