Old Drupal 7 Site

For tynt om personlegdomsforstyrringar

Jeanette Bjørke-Bertheussen Om forfatteren
Artikkel

Young, Jeffrey E.

Kognitiv terapi

Personlighedsforstyrrelser. 119 s, tab. København: Hans Reitzels Forlag, 2009.

Pris NOK 175

ISBN 978-87-412-5304-6

Skjematerapi er ei retning innan kognitiv åtferdsterapi, særskild retta mot personlegdomsforstyrringar, utvikla av Jeffrey E. Young. Young sjølv beskriv det som ein kombinasjon av kognitiv åtferdsterapi, gestaltterapi, objektrelasjonsterapi og psykoanalytisk terapi.

Forfattaren vender seg til alle som jobbar med psykisk sjuke menneske, i første omgang psykologar og psykiatrar. Men boka skal vere så lett tilgjengeleg at andre interesserte også vil kunne lese ho.

Boka er delt i tre delar. Første del omhandlar teorien bak skjematerapi, andre del case-formulering og pasientvurdering, og i tredje del ser ein på endringsstrategiar. I tillegg er det eit appendiks med eit spørjeskjema som er nytta, og ei pasientrettleiing. Det er fire tabellar som knyter eit tenkt pasientkasus til begrepa. Boka er ikkje gitt ut på norsk, men omsett til dansk.

I innleiingskapitlet går forfattaren gjennom dei 18 skjema han nyttar. Skjema er ikkje undersøkt empirisk enno, og ein betraktar framleis begrepa som spekulative. Pasientvurderinga baserer seg på spørjeskjema, bruk av medier, til dømes bøker og filmar, og relasjonen til terapeuten. Case-formulering er ei samanfatning av innsamla informasjon, og påvising av korleis skjema, kjensler, noverande utløysande faktorar, terapeutisk relasjon og tidlegare livshendingar heng saman. Endringsstrategiar deler ein inn i kognitive, opplevingsorienterte, interpersonelle og åtferdsmessige intervensjonar.

Originaltittelen er Cognitive Therapy for Personality Disorders: a schema-focused approach, og det kan gi eit feilaktig inntrykk at boka handlar om tradisjonell kognitiv åtferdsterapi når ein har utelate å nemne skjematerapi i omsetjinga.

Boka er berre på 119 sider. Det positive er at det er fort gjort å lese den, og den er lett å ta med seg. Det negative er at ein ikkje går grundig gjennom materialet, og det fins til dømes ikkje stikkordregister. Mange av spørjeskjema som ein har referert til, er ikkje oversatt til norsk, og gjer denne tilnærminga mindre tilgjengeleg i norsk klinisk praksis.

Det er brukt eit tenkt pasientkasus for å illustrere gangen ved skjematerapi, men det bidreg ikkje til å belyse teorien på ein meiningsfull måte. Boka blir rett og slett litt for tynn, bokstaveleg tala.

Anbefalte artikler