Old Drupal 7 Site

Preben Aavitsland, Bjørn G. Iversen, Hanne Nøkleby Om forfatterne
Artikkel

Det er mykje å lære av rapporten til Sverre Rørtveit og medarbeidarar i Tidsskriftet nr. 7/2011 om influensapandemien i Austevoll (1).

Rørtveit informerte innbyggjarane og førebygde spreiing av influensa. Sjølv om dei fleste e-postane og samtalane hans var med helsepersonell og publikum i kommunen, var det òg mykje kommunikasjon med statlege etatar. Vi i Folkehelseinstituttet vil saman med Fylkesmannen og Helsedirektoratet samordne informasjon og rapporteringsordningar betre neste gong.

I juli 2009 varsla fleire mikrobiologiske laboratorium oss om at analysekapasiteten var sprengd. For å sikre virologisk diagnostikk hos pasientar med auka komplikasjonsrisiko eller alvorlege symptom, måtte prøver frå andre lukast ut. Folkehelseinstituttet sa difor 20.7. 2009 (ikkje 9.9. 2009 som forfattarane skriv) at det ikkje lenger var naudsynt å ta prøve av alle med influensasymptom (2). Vi tok omsyn til overvakinga: «Av overvåkingshensyn ønsker vi inntil videre at det tas prøver av pasienter med typiske symptomer, men ingen kjent eksponering (…).» Som sideverknad vart det vanskelegare for kommuneoverlegane å følgje spreiinga av influensa. Til neste gong må dei mikrobiologiske avdelingane leggje planar for betre analysekapasitet.

Vern av den einskilde mot alvorlege influensakomplikasjonar var det primære omsynet bak Folkehelseinstituttet si tilråding om vaksinasjon (3, 4). Difor vart grupper med større risiko for komplikasjonar prioriterte. Vi kunne ikkje la dei vente i eit forsøk på å stogge epidemien gjennom fyrst å vaksinere skuleborn og andre med stort potensial for vidare spreiing. Dette valet førte til at kanskje dei fleste risikopersonane hadde noko immunitet i dei vekene eksponeringsfaren var høgst, slik resultata frå Austevoll tyder på (1). Neste gong må vi ha ein kontrakt som sikrar landet vaksine så snøgt som råd er og ha ei von om snøggare produksjon og internasjonal godkjenning av vaksinen.

Vi trur at om lag 20 % av nordmenn vart smitta i 2009 (5, 6), men mange av dei hadde milde eller ingen symptom. Dette passar med at 3 % av austevollingane gjekk til legen med influensa (1). Aldersfordelinga var den same nasjonalt som i Austevoll. Før og etter hovedbølgja dominerte dei vaksne, medan borna dominerte under hovedbølgja. Få eldre vart smitta, og få eldre søkte lege under pandemien. Neste gong vil vi gjere fleire seroepidemiologiske studiar for å følgje pandemien enda betre.

Anbefalte artikler