Old Drupal 7 Site

Vellukka sjukdomslære for sjukepleiarar

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Ørn, Stein

Mjell, Johnny

Bach-Gansmo, Edvin

Sykdom og behandling

634 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2011. Pris NOK 934

ISBN 978-82-05-32360-5

Dette er bok nummer fire i ein serie på fem i kunnskapspakka 37° som er skrive for dei medisinske faga i grunnutdanninga i sjukepleie. I denne boka kjem presentasjonen av sjukdomsprosessane og sjukdommane. Dei tre redaktørane har hatt hjelp frå om lag 25 medforfattarar. Det er fire delar, men del 3, Sykdommer i organsystemene, utgjer om lag 60 % av sidetalet. I ein kort introduksjon tek forfattarane for seg historie, sjukdomsmodellar og klassifikasjonar. Her finst også grunnleggjande sjukdomslære over mindre enn 15 sider. Det inkluderer ikkje berre dei klassiske sjukdomsmekanismane, men også litt om epidemiologi, diagnostikk og død. Studentane blir ikkje introdusert for omgrep som sensitivitet, spesifisitet og prediksjonsverdiar ved testar og undersøkingar, og det synes eg er ein mangel ved ei moderne lærebok som denne. I tråd med dette er sjukdomskapitla i del 3 klassisk oppbygde, med førekomst, årsaker, symptom, diagnostikk, behandling og prognose. Samla gir dette liten bakgrunn for dynamikken i sjukdomsepisodar, kva sjukepleiaren kan observere som tidlege eller seine teikn, og kva som er viktig og mindre viktig. Del 2 er sjukdomsprosessane, men her blir det også lagt inn nokre sjukdommar som naturleg kan omtalast. Det betyr at hypertensjon blir ein sjukdomsprosess, ikkje ein hjarte- og karsjukdom, men varicer er blitt ein sjukdom under muskel- og skjelettsystemet, og djup venetrombose er omtalt under sjukdomsprosessane. Her kunne redaktørane kanskje ha tatt andre val nokre plassar for å sikre systematikken. Del 4 om spesielle emne inneheld tema som pediatri og geriatri, ernæring og alternativ medisin.

Kvaliteten på det faglege innhaldet er stort sett heilt tilfredsstillande og oppdatert. Eg har funne nokre småfeil her og der utan store konsekvensar. Men det er dumt at avslutninga på omtalen av isjias er at dei fleste pasientane får meir eller mindre ryggplager også seinare, noko som ikkje er rett, og som gir unødvendig negative utsikter for desse. Ikkje alle sidetilvisingar fungerer heller like godt. Teksten kunne også ha vore meir rettleiande. I staden for å skrive at ei behandling kan vere indisert, er det meir nyttig å få vite når eller kva som skal til.

Layouten er tiltalande, med to spalter, mange gode tabellar, figurar og bilete. Det er referanseliste og nettadresser etter kvart kapittel. På ein interaktiv nettstad finst utfyllande stoff, oppgåver og svar på kontrollspørsmål gitt i teksten.

Alt i alt er dette ei god bok for målgruppa, om enn ganske tradisjonell i forma, trass mange moderne ytre trekk og tilhøyrande nettstad. Eg vil ikkje tilrå den for medisinstudentar.

Anbefalte artikler