Old Drupal 7 Site

Per aspera ad astra

Kristine Lillestøl Om forfatteren
Artikkel

Sverre Sandberg har aldri streva etter å finne ei rett hylle i livet og hamne på den. Innanfor laboratoriemedisin og forsking har han føretrekt å bygge sine eigne hyller. Og heile tida har han hatt det veldig, veldig gøy.

Foto SCANPIX

Eg møter Sverre Sandberg på kontoret hans i 7. etasje i det nye laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus, med utsikt over ein akkurat passeleg grå by. Sverre Sandberg er innfødd bergensar, og har funne seg godt til rette i vind og regn det meste av livet. Rett nok gav han Austlandet ein liten sjanse:

– Ja, eg prøvde Oslo eit par år. Men det var jo altfor lite ver der. Så eg flytta tilbake igjen.

På Haukeland har fleire legeforfedre trakka før han, mellom anna oldefar Jørgen Sandberg, som i si tid var direktør der. Likevel var det ikkje opplagt at det var lege unge Sverre skulle bli. At han skulle bli laboratoriemann og forskar var heller ikkje ei overtyding han vart fødd med. Men han vedgår at han nok hadde visse tendensar allereie som barn.

– Eg var nok litt «nerdete» av meg som liten. Draumen var å bli astrofysikar, og Galileo Galilei var ein av dei store heltane. Eg hadde stjernekikkert, eg teikna planetkonstellasjonar, og eg hugsar spesielt godt ein periode eg hadde då eg var rundt ti år gammal, og gjorde eit møysommeleg arbeid med å teikne ned solflekkane sine rørsler frå dag til dag. Eg hadde det veldig gøy.

Men eg bodde jo i Bergen, så det var jo ikkje akkurat kvar dag eg fekk gjort det, legg han tørt til.

Etter vidaregåande skule kom han inn på astrofysikkstudiet i Trondheim, samstundes som han kom inn på medisinstudiet i Bergen.

– Eg hadde eigentleg aldri spesielt lyst til å bli lege. Men dels på grunn av heimekjærleik, og dels fordi medisinstudiet er ei utdanning med mange moglegheiter, blei eg verande her.

Turnustenesta vart utført i Oslo og i Nittedal, etterfølgt av eit år ved Medisinsk avdeling ved Lovisenberg sykehus. Då han var vel tilbake i skikkeleg vestlandsver igjen, gjekk vegen innom Nevrologisk avdeling ved Haukeland, før tilbodet om forskarjobb dukka opp, og han byrja som vitskapleg assistent ved Laboratorium for klinisk biokjemi. Sidan har det gått slag i slag, og Sandberg hevdar no å ha mista kontrollen over sin eigen CV. Noko som må seiast å vere fullt forståeleg. For det er ikkje lite å halde styr på i dette yrkesløpet her. Kvalitet og forsking innanfor klinisk medisinsk biokjemi og porfyrisjukdomar er raude trådar.

Forskar og gründer

Sandberg tok doktorgraden sin på porfyri, med basalfagleg tilnærming.

– Ja, eg gjorde ein «basic» doktorgrad, med mitokondrier, rotter og det heile.

– Kvifor akkurat porfyri?

– Det var heilt tilfeldig. Eg kom inn i eit godt forskingsmiljø, rettleiaren min gav meg visse føringar, og så utvikla eg ei sterk interesse for emnet etter kvart. Det blei så gøy at eg etter doktorgraden eigentleg hadde mest lyst til å gå vidare med basalforsking. I staden dukka det opp ei overlegestilling som var øyremerka mot primærhelsetenesta. Og dermed skifta forskingsfeltet mitt til å handle om kvalitetssikring av laboratoriearbeid i primærhelsetenesta.

– Eg tenkte fyrst at det høyrdest utruleg kjedeleg ut. Men eg erfarte etter kvart, slik eg har gjort mange gonger seinare òg, at uansett kva ein byrjar med, så blir det interessant nok når ein får høve til å fordjupe seg i det.

I engasjementet for kvalitetssikring kom også gründeren Sandberg til syne. Han var den sentrale drivkrafta ved skipinga av Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus (NOKLUS), der han framleis er leiar. NOKLUS vart oppretta i 1992, etter at det kom fram at kvaliteten på laboratorieanalysar utførte ved ulike legekontor rundt omkring var svært varierande. I den spede byrjinga var det berre to-tre personar som arbeidde med dette, og i starten var det Sandberg sjølv som sykla rundt i Bergen med standard-blodprøver til dei ulike legekontora. Sidan har NOKLUS vokse seg stor. Dei har no rundt 80 tilsette spreidde rundt i alle helseføretak, og meir enn 97 % av alle allmenlegekontor og sjukeheimar er med i  ordninga.

Gründeren Sandberg har òg kome dei porfyrisjuke til gode, då det også var han som stod bak skipinga av Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS).

– Noko av det kjekkaste med porfyriarbeidet er det store spennet i arbeidsgruppa, der det blir jobba med alt frå trygderettar til basalforsking knytt til porfyri. Eg tykkjer det er svært stimulerande å kunne studere ein tilstand i ein slik stor samanheng, seier han.

Verksemda ved NAPOS og NOKLUS er òg tett knytt til forskingsproduksjonen til Sandberg. Så langt kan han telje om lag 200 vitskaplege publikasjonar, sju har fullført doktorgrader under hans rettleiing, og sju-åtte kandidatar til er i gong. Suksessen har likevel ikkje ført til at han har slege seg til ro med tilhøva slik dei er. Ei sak han framleis brenn for, er at ein må få endå meir forsking inn i NOKLUS.

– Vi får inn mykje data, men brukar dei altfor lite. Vi har så langt vore veldig flinke til å sette søkjelyset på dei reint tekniske aspekta ved analysane, medan vi knapt nok har fokusert på før- og etterarbeidet ved prøvetaking. Dette håpar eg skal endre seg no. Skal ein lukkast med god kvalitetssikring av laboratoriemedisin, må ein ha fokus både på analytisk, pre- og postanalytisk fase. Dei fleste feila blir truleg gjort før prøva kjem til laboratoriet, og etter at svaret er klart. Tenk på rekvisisjonane, til dømes, kor mange feil kan ein vel ikkje gjere ved dei? Det same gjeld ved fortolking av prøvesvar. Ta porfyri som eit døme: Kva beskjed trur du ein pasient endar opp med dersom det i prøvesvaret står: «Porfyri kan ikke utelukkes.» Du kan vere ganske sikker på at den pasienten endar opp med beskjed om at han har porfyri, sjølv om det ikkje nødvendigvis stemmer.

Laboratorielegen

Hovudstillinga si har Sverre Sandberg ved Laboratorium for klinisk biokjemi, der han er avdelingssjef.

– Du har jo vore laboratorielege i mange år no. Saknar du pasientane nokon gong?

– Ja, det gjer eg. Eg tykte det var kjekt å jobbe med klinisk medisin. Etter doktorgraden jobba eg eit par år ved medisinsk avdeling, og då var valet verkeleg vanskeleg om eg skulle halde fram i klinisk arbeid eller gå tilbake til laboratoriet igjen. Det avgjerande for valet mitt var at moglegheitene for å drive forsking var størst ved laboratoriet. Men heldigvis har eg litt pasientkontakt no òg, mellom anna gjennom kurs vi arrangerer for pasientar og pårørande her på porfyrisenteret. Det tykkjer eg er veldig gjevande.

Engasjementet for pasientane sitt beste er òg tydeleg til stades i jobben han elles gjer. Heile drivkrafta bak engasjementet for kvalitetssikring av laboratoriearbeid er eit ynskje om å kunne gje pasientane best moglege tenester og behandling. Og han blir ekstra oppglødd når spørsmålet om laboratorielegen si framtid kjem opp.

– Kvifor er det viktig å ha legar på laboratoria?

– Tidlegare kunne legane alt om det tekniske på laben, medan det no er andre som tek seg av det. No må legane i staden ha kommunikatorroller og vere engasjerte kunnskapsformidlarar i interfasen mellom laboratorium og klinisk verksemd. Viss vi ikkje gjer det, er laboratorielegane ein utdøande rase. Akkurat no er det god rekruttering, men vi må vere medvitne i utviklinga. Mange trur at livet som laboratorielege er avslappande og behageleg, og vel dette faget for å kunne gå heim klokka fire kvar dag. Men ein må ha ein eigen driv og kreativitet i jobben, også på laboratoriet! Laboratorielegane kan ikkje sitje på sine eigne kontor og gjere obskure ting. Skal laboratorielegane overleve, må dei vere involverte i rutinearbeidet. Dersom legen ikkje er involvert, og bidreg med kunnskapen sin om analyser og fortolking, blir laben ein supermarknad der ein kan shoppe analyser, utan hensiktsmessig bruk av ressursar og prøvesvar. Og her kjem forskinga inn som ein heilt vesentleg føresetnad.

Internasjonale impulsar

Sverre Sandberg er elles kjend for ei unik evne til å knyte internasjonale kontaktar. Årleg held han mange føredrag og kurs knytte til kunnskapsbasert laboratoriemedisin og statistikk verda over. I tillegg kjem ei lang rekkje verv, for mange til at alle kan nemnast her, men eit han sjølv trekkjer fram som særleg gjevande, er vervet som vitskapleg leiar i European Federation of Clinical Chemistry. Sandberg har òg lenge vore sentral i leiinga for EU-prosjektet EPNET (European Porphyria Network), og no er han ekstra oppglødd over dette feltet; han har nemleg nettopp fått beskjed om at eit europeisk porfyriregister skal leggast til Bergen.

– Det blir ei kjempeutfordring. Men det er jo også utruleg artig. Når ein arbeider med så sjeldne sjukdomar som porfyri, er ein heilt avhengig av internasjonalt samarbeid, og det er sjølvsagt stas at eit europeisk register blir lagt til Bergen.

Generelt framhevar han den internasjonalt retta delen av jobben sin som noko av det som inspirerer han aller mest.

– Det å møte folk frå Kina, India eller Peru som fagleg sett held på med akkurat det same som deg, og såleis på mange måtar er ganske lik deg, men som likevel lever i ein totalt annan røyndom, med heilt andre ressursar tilgjengelege, er utruleg fascinerande. Då kjem du på innsida av folk på ein heilt annan måte enn du gjer som turist.

Ein kul type

Kollegaer skildrar Sverre Sandberg som ein uformell og «easygoing» type. Ein mann som lett let seg engasjere og fascinere, som er leiken og morosam, og som har greidd å behalde barnet i seg. Om det ytre blir det sagt at han nok kan vere litt «professoral» i klesstilen av og til. Han er ein «sykkel-og-ryggsekk-type», og møter du han på fest, er det neppe med slips. Han har nemleg vore «sløyfemann» sidan han og Per Fugelli skulle på middag under eit WHO-møte for mange år sidan.

– Før det brukte eg verken slips eller sløyfe, men eg fekk beskjed av Per Fugelli om at dette ikkje heldt mål. Han knytte på meg ei sløyfe der og då, og sidan har eg stort sett halde meg til det.

Sandberg blir òg skildra som ein kollega som verkeleg ser andre, som er flink til å vere til stades her og no, og til å ta seg tid til andre sjølv om han alltid har tusen arbeidsoppgåver som ventar. Han er ein roleg, tilbakelent type, som aldri framstår som stressa, sjølv om han jobbar altfor mykje.

– Korleis får du det til?

– Nei, altså… Eg tenkjer ikkje over at eg jobbar så forferdeleg mykje, eigentleg. Men eg er kanskje flink til å utnytte tida godt. Og det er nok rett det folk seier: Eg opplever ikkje mykje stress. Eg trur ikkje eg har fått det genet eller enzymet eller kva det no er som forårsakar det. Og eg er sjølvsagt heilt avhengig av mange dyktige medarbeidarar som gjer jobben sin og ryddar opp i tabbane eg gjer. Det einaste som kanskje kan stresse meg litt, er når eg ikkje får gjeve tilbakemeldingar til medarbeidarar i tide, slik at eg bremsar deira prosessar. Eg er veldig redd for å bli ein «propp» i systemet; eg føler ansvar for at medarbeidarane mine skal ha høve til å arbeide effektivt. Og eg er nok litt redd for ikkje alltid å fylgje opp alt like bra. Mange vil nok seie om meg at eg er for lite til stades. Og det har dei truleg rett i.

Gartnar og filmstjerne

Det hender at han koplar heilt av – gjerne med familie, fem barn og seks barnebarn, og gjerne på fjellet og på hytta på Finse, som han besøkjer så ofte han kan. Og så les han – mykje. Akkurat no er det Murakami som toppar favorittlista hans, men både Tolkien og Dostojevskij finst i beredskap i hylla på kontoret.

– Dei står no her, viss verda går imot, seier han.

Ein periode var orkidear den store hobbyen. Han bestilte orkideplantar og dyrka dei fram med mykje flid og tolmod.

– Det kjekkaste er å byrje med ein dårleg plante, og så få han til å utvikle seg. Ein gong brukte eg to år på å dyrke fram ein fin blome frå ei inntørka rot. Det er jo det som er gøy. Eg får mykje meir glede ut av det enn av å kjøpe ferdige blomar, det er jo berre kjedeleg.

Sverre Sandberg har fleire talent. Han er tidlegare omtala som ein av Noregs fyrste reality-stjerner, etter innsatsen i rolla som seg sjølv i barne-TV-serien «To hus tett i tett». Han har dessutan hatt statistroller i fleire barnefilmar, og han har hatt hovudrolla i ein kortfilm om Nikolai Astrup. På dette området prøvar han så godt han kan å tone ned si eiga betydning.

– Eg sa ikkje noko som helst i den filmen om Astrup. Innsatsen min var at eg gjekk rundt i skogen ein heil sommar med rare klede, medan eg røykte pipe til eg blei kvalm. Det var ikkje akkurat karakterskodespel eg dreiv med, seier han og smiler. – Eg har nok aldri drive det lenger enn til statiststadiet. Med foreldre og ein bror som er kjende filmskaparar, kjem han likevel ikkje unna spørsmålet: – Du vurderte ikkje å satse på ei filmkarriere du då?

– Nei, det var aldri aktuelt for meg. Men eg har stor respekt for det arbeidet familien min har lagt ned på dette feltet, og eg har lært mykje av å følgje med på prosessane som ligg bak produksjonen av ein film.

Stjerner og motgong

Nokre år er gått, og astronomien er ikkje ein like stor lidenskap for Sandberg no som i guteåra. Men framleis meiner han at universet og alt det rommar av stjerner og planetar er noko av det mest fascinerande ein kan tenkje på, og han utelukkar ikkje at han kjem til å kjøpe seg ny stjernekikkert når han blir pensjonist.

– Kva er du mest fornøgd med å ha oppnådd til no i karrieren din?

– Oppstarten og utviklinga av både NAPOS og NOKLUS er noko eg er svært glad for å ha fått vere med på. Det har vore eit privilegium. Dei internasjonale kontaktane og erfaringane har òg betydd mykje. Og generelt er det eit privilegium å få vere med på å drive forsking.

– Har du nokon gong angra på vegval du har gjort i karrieren?

– Nei. Eg har det veldig bra no. Det seier eg forresten heile tida; eg har hatt det veldig bra heile vegen. Eg framstår sikkert som ein treg fyr som har jobba på meir eller mindre same stad i så mange år. Men mykje har endra seg i den jobben eg har hatt, og det å kunne få vere med på å prege endringsprosessar og å sjå nyttige resultat av det du gjer er inspirerande. Også er det igjen dette med at nesten same kva ein prøver seg på, så blir det interessant når ein fordjupar seg i det. Det er vel for så vidt sant at det er viktig å hamne på rett hylle i livet. Men eg har òg stor tru på at ein kan kome like langt med å gjere hylla si sjølv. Så angra har eg ikkje, nei.

Ein del kamp og slit har det likevel vore opp igjennom, han vedgår det til slutt. Per aspera ad astra – gjennom motgong mot stjernene – er eit motto som har følgt Sverre Sandberg sidan han var liten.

– Når du alltid stjernene?

– Nei, er du galen, seier han og ler. Det er jo ikkje slik at motgong automatisk fører deg dit. Av og til møter du jo berre ein heil masse motgong utan at du kjem deg nokon veg som helst. Då må du berre gje deg og finne på noko anna. Eg har lært at det ikkje er vits i å kjempe kampar du ikkje kan vinne. Men eg synest det er eit fint motto, stadfestar han.

Sverre Sandberg

Fødd 28. november 1950

  • Cand.med. Universitetet i Bergen 1975

  • Dr.med. Universitetet i Bergen 1982

  • Spesialist i medisinsk biokjemi 1984

  • Avdelingssjef ved Laboratorium for klinisk biokjemi, Haukeland universitetssjukehus

  • Leiar for Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus (NOKLUS) og Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS). Professor II ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, Universitetet i Bergen

Anbefalte artikler