Old Drupal 7 Site

Myter og fakta om epilepsi og hekser

Per Steinar Runde Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 20/2011 (1) rosar professor Tor K. Larsen artikkelen om epilepsi og religion, skriven av nevrologane Nakken & Brodtkorb i eit tidlegare nummer (2). Men han meiner dei burde ha konkludert meir eintydig om temporallappsepilepsi som årsak til «religiøs galskap». Og han held fram: «Det er også dypt tragisk at flere hundre tusen kvinner med epilepsi ble brent som hekser av religiøse fanatikere.» Nakken & Brodtkorb nøgde seg med formuleringa: «Det er blitt hevdet at mellom 100 000 og en million kvinner med epilepsi ble brent på bålet som følge av denne boken.» (3).

Sjølv i seriøse leksika har ein før gitt høgre overslag, men då for alle som vart avretta. I Pax Leksikon frå 1979 stod det at mellom 9 og 30 millionar kvinner vart brende på bålet, og i Store Norske Leksikon frå 1990-åra var talet på offer oppgitt å vere mellom 100 000 og fleire millionar, trass i at fagmiljøet då visste (4, 5) at dette var altfor høgt. Den norske historikaren som er mest interessert i og oppdatert på feltet, er truleg førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø, Rune Blix Hagen (6). På si heimeside (7) skriv han dette om omfanget av hekseprosessane i Europa: «Formell rettslig anklage mot litt i overkant av 100 000 personer – av disse fikk rundt 40 000 dødsdom som gjerne betydde «ild og bål». Jo flere arkiver historikerne undersøker, jo lavere blir tallet på dødsdømte hekser!» Om lag femteparten av prosessane gjaldt menn. Og stikk i strid med påstandane som blir kolporterte eller tatt for sanning av skribentar i Tidsskriftet, seier han: «Sinnssyke eller psykisk ustabile individer er heller ikke å finne blant de trolldomsdømte. Det samme gjelder mennesker med «merkelige» sykdommer, slik som f.eks. epilepsi.»

Hekseprosessane blir av mange feilaktig tidfesta til den «mørke» mellomalderen, men dei skjedde etter denne epoken, spesielt på 1500- og 1600-talet. I dei katolske, søreuropeiske landa, Portugal, Spania og Italia, var offera få, medan dei var mange i dei tyske småstatane og andre stader prega av sosial uro og svak sentralmakt. Bestialsk avretting av uskuldige er ille uansett omfang, men sjølv for dei 100 millionar europearane på den tida, var prosessane eit «marginalt» fenomen som dei aldri kom i kontakt med, ifølgje Rune Blix Hagen.

Professor Larsen understrekar kor viktig det er med vitskapleg tenkjemåte og kritisk diskusjon. Men også omtale av historiske hendingar bør vere basert på vitskap og underlagt ein viss kritikk.

Anbefalte artikler