Old Drupal 7 Site

Epigenetikk – gen og miljø

Anne Hansen Ree Om forfatteren
Artikkel

Francis, Richard C.

Epigenetics

The ultimate mystery of inheritance. 234 s, ill. New York, NY: W.W. Norton, 2011. Pris USD 26

ISBN 978-0-393-07005-7

Er det gena eller miljøet? Det er sannsynlegvis epigenetikk!

Omgrepet epigenetikk er gjerne definert som forandringar i genmaterialet som ikkje omfattar sjølve DNA-koden, men som likevel endrar funksjonen til gena. Typiske døme er metylering av DNA-molekylet og acetylering av histonar som DNA er kveila rundt.

Richard C. Francis er frilansforfattar med forskingsbakgrunn innan nevrobiologi, og han har publisert innan nevrovitskap, evolusjon og vitskapsfilosofi. I denne boka gjev han på lettfatteleg måte innsyn i fenomenet epigenetikk, som viser seg å utøve overordna kontrollfunksjon innan dei fleste biologiske felt. Nokre døme er embryologi, metabolisme, kognitive funksjonar og åtferd, samt kreftutvikling og -behandling. Forfattaren gjev ei brei, populærvitskapleg omtale av epigenetikkens rolle innan dei første tre av desse felta, noko som sannsynlegvis har samanheng med hans eigen fagbakgrunn.

Han bruker historiske hendingar – ikkje alle er like relevante utafor USA – som utgangspunkt for å forklare korleis miljøpåverknader fører til epigenetiske endringar i DNA, som i neste omgang påverkar biologiske prosessar, og korleis desse endringane blir nedarva til nye generasjonar.

Personleg likte eg best det aller første kapitlet, som tar utgangspunkt i den store svoltkatastrofen i naziokkuperte Nederland i 1944, kjent som «Hongerwinter». Kvinner som var gravide i dei to siste trimestera denne vinteren, fødde, ikkje uventa, barn med låg fødselsvekt og dårleg neonatal helsestatus. Ein oppfølgjingsstudie av denne fødselskohorten 20 og 30 år seinare viste at insidensen av fedme og metabolsk syndrom var fordobla – samanlikna med forekomst i tilsvarande kohortar fødd like før og etter denne svoltperioden. Like interessant er funn av betydeleg høgare forekomst i vaksen alder av alvorlege, psykiatriske lidingar i den affiserte kohorten, og at barn fødd av kvinner i denne kohorten også er vist å ha dårlegare helsestatus enn samanliknbare grupper. Såleis kan vi altså finne negative helseeffektar av bestemors svolt i 1944 hos hennes barnebarn!

I 2009 publiserte ei nederlandsk forskingsgruppe innan molekylær epidemiologi at ei rekkje gen som kodar for vekstfaktorar og metabolske regulatorprotein, har endringar i metyleringsmønster i individ frå den aktuelle fødselskohorten meir enn 60 år etter «Hongerwinter» (1). Barnebarna er imidlertid ikkje analysert på same måte (enno).

Boka er underhaldande og lettlesen og vil såleis fungere godt ein regntung søndag ettermiddag i godstolen. Språk og framstilling er lettfatteleg, og dei fleste vil kunne pløye gjennom den narrative framstillinga på eit par timar. Boka inneheld ei stor samling forklarande fotnotar som er samla mot slutten, noko eg synst er eit godt grep. Den etterfølgjande referanselista er lang og sannsynlegvis relativt dekkande for dei omtalte temaene. Her er det artig å finne to norske oversiktartiklar ved Philippe Collas og Anne-Mari Håkelien som omhandlar epigenetikk og mesenchymale stamceller (2, 3).

Eg tilrår gjerne boka for Tidsskriftets lesarar, sjølv om mitt favorittema innan epigenetikk, terapeutisk modulering av histonacetylering for å forsterke effekt av strålebehandling (4, 5), ikkje er omtala.

Anbefalte artikler