Old Drupal 7 Site

For dansk for helsesekretærar på norske legekontor

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Ehrenreich, Benny

Maagaard, Roar

Vedsted, Peter

Klinikpersonale i almen praksis

En basisbog. 357 s, ill. København: Munksgaard Danmark, 2011. Pris DKK 298

ISBN 978-87-628-0926-0

Dette er ei bok for helsesekretærar ved danske allmennlegekontor. Boka har ei brei tilnærming, og forfattarane tek for seg både organisasjonen til den danske helsetenesta , drift av legekontoret og eit utval kliniske tilstandar. Boka blir for dansk for at norske helsesekretærar vil finne den nyttig.

Kva så dersom boka vart omsett og tilpassa norske tilhøve? Også da er eg litt i tvil om det informasjonsnivået som boka legg seg på. Noko er sjølvsagt heilt adekvat, medan ein god del praktisk stoff om praksisdrift vert litt for lite detaljert. Laboratoriedrift, hygiene og liknande er ikkje detaljert nok i høve til det norske helsesekretærar treng og dessutan får gjennom NOKLUS (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus).

Dei kliniske delane blir for tilfeldige og lite systematisk tilpassa rolla til helsesekretæren på legekontoret: svare på telefonen, vurdere situasjon og hastegrad samt i mange tilfelle å avslutte samtalen med rådgjeving.

På mange måtar meiner eg at det skulle vore meir av det som er lite, og mindre av det som er mykje. Det er litt synd, for det er ein god idé å sørge for faglitteratur for dei svært viktige medarbeidarane ved legekontora.

Anbefalte artikler