Old Drupal 7 Site

Effekt av fysisk aktivitet på vektreduksjon

Eivind Aadland, Sigmund Alfred Anderssen Om forfatterne
Artikkel

Fedme er ei stor utfordring i mange samfunn, blant anna i Noreg (1). Konsekvensane av overvekt og fedme er redusert levetid (2, 3), auka førekomst av ei rad sjukdomar (4, 5), redusert livskvalitet (6, 7) og økonomiske utgifter for den einskilde og for samfunnet (4). I behandling av overvekt og fedme hjå vaksne blir det tilrådd ein vektreduksjon på 5 – 10 % av utgangsvekta for å redusere risikoen for sjukdom og død (8). Ein vektreduksjon av denne storleiken kan nåast gjennom ein reduksjon i energiinntak ved bruk av ulike diettar (9, 10).

Fysisk aktivitet gir ei rad gunstige helseeffektar, og er difor sentralt ved behandling av overvekt og fedme. Til tross for at fysisk aktivitet kan auke energiforbruket vesentleg og føre til ein betydeleg negativ energibalanse, er effekten på vektreduksjon omdiskutert. Me trur moglege årsaker til denne usikkerheita kan vere problemstillingar knytte til design, utforming av intervensjonen eller gjennomføring og måling av den føreskrivne fysiske aktiviteten. Det kan difor vere vanskeleg å anslå den direkte effekten av fysisk aktivitet på vektreduksjon.

Føremålet med denne artikkelen er å gjennomgå kunnskapsgrunnlaget for effekten av fysisk aktivitet på vektreduksjon hjå personar med overvekt og fedme.

Kunnskapsgrunnlag

Avgrensing og omgrepsavklaring

Gjennomgangen er avgrensa til kva for ein effekt fysisk aktivitet har på vektreduksjon hjå vaksne personar (> 18 år) rapportert i metaanalysar publiserte mellom 2000 og mars 2012, samt nyare randomiserte, kontrollerte studiar (RCT) som ikkje er inkluderte i oversiktsartiklane og som har ei oppfølgingstid > 3 månader. Vekt er berekna frå kroppsmasseindeks (BMI) om høgd er rapportert. Kun studiar der den sjølvstendige effekten av fysisk aktivitet kan evaluerast, er inkluderte (studiar der ein har samanlikna fysisk aktivitet med ein kontrollsituasjon eller studiar der ein har samanlikna kombinerte intervensjonar med fysisk aktivitet og diett med diett åleine).

Litteratursøk

Me nytta ein tredelt strategi for litteratursøk.

  1. Søk vart gjennomførte i Medline og Embase avgrensa til engelske oversiktsartiklar eller metaanalysar på vaksne frå januar 2000 til mars 2012 med tilgang på abstrakt. Alle aktuelle abstrakt vart gjennomgått og relevante publikasjonar lesne i fulltekst.

  2. Referanselistene i relevante studiar vart gjennomgått og siteringar vart sjekka i ISI Web of Science.

  3. Det vart søkt etter nyare originale randomiserte, kontrollerte studiar i Medline og Embase (januar 2009 – mars 2012), der same avgrensing som for det fyrste søket vart nytta. Desse søkeorda vart nytta i kombinasjon for søka: (overweight OR obesity OR obese) AND (physical activity OR exercise OR lifestyle intervention) AND (weight OR weight change OR weight reduction OR weight loss OR weight management).

Resultat

Oversikt over resultatet av litteratursøket er vist i e-figur 1. Til saman fem metaanalysar (11 – 15) og 13 originalartikler (16 – 28) vart inkluderte. Kun randomiserte, kontrollerte studiar var inkluderte i metaanalysane.

/sites/default/files/2013--T-12-0523-01-Over.svg

Figur 1  Flytskjema som viser tal på studiar funne i Medline og Embase, tal på studiar vurderte som interessante basert på tittel og samandrag og tal på studiar inkluderte i artikkelen. Oversiktsartiklar vart ekskluderte dersom dei ikkje var metaanalysar. Både oversiktsartiklar og originale studiar vart ekskluderte dersom effekten av fysisk aktivitet ikkje kunne identifiserast (kun fysisk aktivitet mot kontroll og fysisk aktivitet + diett mot diett er inkludert)

Powerpoint

Tabell 1 og 2 viser effekten av fysisk aktivitet på vektendring rapportert i metaanalysar og originale studiar. Uthalds- eller kondisjonstrening er mest undersøkt, og aktivitetsnivået i dei ulike studiane varierer frå 30 min til 60 min fysisk aktivitet gjennomført 3 – 5 dagar per veke med moderat intensitet (tilsvarande rask gange). Gjennomsnittleg forskjell i vektendring mellom grupper med fysisk aktivitet og grupper utan fysisk aktivitet varierer frå – 6,0 kg til +1,1 kg. Metaanalysane og dei fleste originale studiane viser ein forskjell i vektreduksjon på 1 – 3 kg, og effekten ser ut til å vere lik om aktiviteten blir gjennomført åleine eller som eit supplement til diett. Til dømes inkluderte Foster-Schubert og medarbeidarar (24) postmenopausale kvinner i alderen 50 – 70 år med BMI > 25 som hadde eit relativt lågt aktivitetsnivå (< 100 min fysisk aktivitet per veke). Dei samanlikna effekten av diett (n = 118), fysisk aktivitet (n = 117) og ein kombinert intervensjon (n = 117) mot kontroll (n = 87). Vektendringa var – 0,7 kg i kontrollgruppa, – 7,2 kg ved diett åleine, – 2,0 kg ved fysisk aktivitet åleine og – 8,9 kg ved kombinasjonen av diett og fysisk aktivitet. Effekten av fysisk aktivitet var såleis –1,3 og –1,7 kg for respektive fysisk aktivitet åleine og fysisk aktivitet kombinert med diett.

Tabell 1  Den sjølvstendige effekten av fysisk aktivitet på vektreduksjon ved overvekt og fedme rapportert i metaanalysar. Effekten (vist i kolonnen heilt til høgre) er forskjellen i vektendring målt i kilo mellom gruppa med fysisk aktivitet som intervensjon og gruppa som ikkje fekk føreskrive fysisk aktivitet. I studiar med kombinerte intervensjonar er effekten oppgjeven for fysisk aktivitet og diett vs. diett åleine, medan effekten i studiar med fysisk aktivitet åleine er oppgjeven mot kontrollgruppa. Konfidensintervall er oppgjeve i parentes i kolonnen til høgre, men bare der dette er oppgjeve spesifikt for det aktuelle effektmålet

Førsteforfattar, publisert (referanse)

Intervensjon (føreskrive fysisk aktivitet)

Inklusjonskriterium (BMI; alder)

Oppfølgingstid (md.)

Tal på studiar

Forskjell i vektendring (95 % KI)

Wu 2009 (11)

Kombinert (25 – 60 min, 2 – 5 d/veke)

Ikkje oppgjeve spesifikt

> 6

11

–1,1 (–2,1 til –0,2)¹

Curioni 2005 (12)

Kombinert (ikkje oppgjeve spesifikt)

> 25; > 18

> 12

6

–2,2²

Avenell 2004 (13)

Kombinert (ikkje oppgjeve spesifikt)

> 28; > 18

> 12

5

–2,0 (–3,2 til –0,7)¹

Shaw 2006 (14)

Kombinert (30 – 90 min, 3 – 5 d/veke)

Fysisk aktivitet (15 – 60 min, 3 – 5 d/veke)

> 25; > 18

> 3

14

12

–1,1 (–1,3 til –0,7)¹

1, 3

Franz 2007 (15)

Fysisk aktivitet (ikkje oppgjeve spesifikt)

> 25; > 18

> 12

5

–1,9¹

¹   Signifikant reduksjon,

²   Ikkje signifikant endring,

³   Vekttap i intervensjonsgrupper var 0,5 – 4,0 kg, medan vektendring i kontrollgrupper var –0,1 til +0,7 kg

Tabell 2  Den sjølvstendige effekten av fysisk aktivitet på vektreduksjon ved overvekt og fedme rapportert i randomiserte, kontrollerte studiar. Effekten (vist i kolonnen heilt til høgre) er forskjellen i vektendring målt i kilo mellom gruppa med fysisk aktivitet som intervensjon og gruppa som ikkje fekk føreskrive fysisk aktivitet. I studiar med kombinerte intervensjonar er effekten oppgjeven for fysisk aktivitet og diett vs. diett åleine, medan effekten i studiar med fysisk aktivitet åleine er oppgjeven mot kontrollgruppa. Konfidensintervall er oppgjeve i parentes i kolonnen til høgre, men bare der dette er oppgjeve spesifikt for det aktuelle effektmålet

Førsteforfatter, publisert (referanse)

Intervensjon (føreskrive fysisk aktivitet)

Inklusjonskriterium (BMI; alder)

Oppfølgingstid (md.)

Tal på deltakarar

Forskjell i vektendring (95 % KI)

Alves 2009 (16)

Fysisk aktivitet (50 min, 3 d/veke)

> 25; 20 – 60

6

146

–1,7 (–2,4 til –1,0)¹

Friedenreich 2011 (17)

Fysisk aktivitet (45 min, 5 d/veke)

22 – 40; 50 – 74

12

311

–1,8 (–2,6 til –1,0)¹

Goodpaster 2010 (18)

Kombinert (60 min, 5 d/veke)

> 35; 30 – 55

6

130

–2,7¹

Jakicic 2011 (19)

Fysisk aktivitet (150 min/veke)

Fysisk aktivitet (300 min/veke)

25 – 30; 18 – 55

18

278

–0,2²

–0,3²

Straznicky 2011 (20)

Kombinert (40 min, 3 – 4 d/veke)

ikkje oppgjeve spesifikt

3

26

–2,5¹

Villareal 2011 (21)

Kombinert (90 min, 3 d/veke)

Fysisk aktivitet (90 min, 3 d/veke)

> 30; > 65

12

107

1,1²

–0,4²

Snel 2011 (22)

Kombinert (30 min, 4 d/veke)

> 30; ikkje oppgjeve spesifikt

18

27

–6,0¹

Nybacka 2011 (23)

Kombinert (ikkje oppgjeve spesifikt)

> 27; 18 – 40

4

57

–0,4²

Foster-Schubert 2011 (24)

Kombinert (45 min, 5 d/veke)

Fysisk aktivitet (45 min, 5 d/veke)

> 25; 50 – 70

12

439

–1,7²

–1,3²

Church 2009 (25)

Fysisk aktivitet (4 kcal/kg/veke)

Fysisk aktivitet (8 kcal/kg/veke⁴)

Fysisk aktivitet (12 kcal/kg/veke)

25 – 43; 45 – 75

6

464

–0,5³

–1,2³

–0,6³

Velthuis 2009 (26)

Fysisk aktivitet (150 min/veke)

22 – 40; 50 – 69

12

189

–0,1²

Sevick 2009 (27)

Kombinert (60 min, 3 d/veke)

Fysisk aktivitet (60 min, 3 d/veke)

> 28; > 60

18

316

–0,7³

–2,4³

Campbell 2010 (28)

Fysisk aktivitet (≥ 45 min, 5 d/veke)

25 – 40; 50 – 75

12

115

–2,1¹

¹   Signifikant endring,

²   Ikkje signifikant endring,

³   Signifikansnivå ikkje oppgjeve, ⁴   8 kcal/kg/veke vart berekna å tilsvare dei gjeldande tilrådingane for fysisk aktivitet (ca. 150/min/veke)

Basert på oversikta over originalstudiane ser ikkje effekten ut til å vere avhengig av grad av fedme, alder eller oppfølgingstid, men dette er vanskeleg å vurdere. Wu og medarbeidarar (11) fann likevel ein signifikant effekt av oppfølgingstid, der studiar ≥ 1 år har betre effekt enn studiar ≤ 1 år. Desse analysane viser ingen effekt av grad av fedme, alder eller kjønn.

Diskusjon

Fysisk aktivitet ser ut til å føre til eit beskjedent vekttap. Konsistensen i funna er støtta av andre studiar (10, 29) og av det faktum at fysisk aktivitet ser ut til å produsere tilsvarande vekttap som supplement til bariatrisk kirurgi (30). Til samanlikning medfører endringar i kosthald opptil fire gonger større vekttap over eitt til to års oppfølging (11, 12, 15, 29). Dette kan ende med at fysisk aktivitet vert vurdert som lite effektivt. Men resultata må tolkast i lys av utfordringar knytte til design og gjennomføring av studiar med fysisk aktivitet for vektreduksjon.

Fysisk aktivitet må gjennomførast i tilstrekkeleg mengd for å kunne bidra til vesentleg vektreduksjon. Dette er klart, då det føreligg tydeleg forskingsbasert kunnskap for ein dose-respons-samanheng (17, 31 – 34). Typisk føreskrive fysisk aktivitet i dei inkluderte studiane er 20 – 60 min aktivitet gjennomført 3 – 5 dagar per veke, som fører til eit energiforbruk på 1 000 – 1 500 kcal per veke. Dette aktivitetsnivået svarar til dei generelle tilrådingane for fysisk aktivitet som ikkje er retta mot vektreduksjon (35). Mange intervensjonar kan difor ikkje ventast å medføre eit betydeleg vekttap (29). Til samanlikning er typisk energiunderskot ved diett 500 – 1 000 kcal per dag, som kan forklare kvifor effekten av energirestriksjon er betre enn for fysisk aktivitet (29). Som venta viser studiar at same energiunderskot (500 – 700 kcal/dag) indusert av endring i diett og fysisk aktivitet medfører same vektreduksjon (5 – 7 kg over 12 veker) (36, 37), men dette kravde over 60 min dagleg fysisk aktivitet. Eit så høgt aktivitetsnivå er svært vanskeleg å oppretthalde over tid for dei aller fleste. Til dømes fann Colley og medarbeidarar at bare fire av 29 deltakarar gjennomførte fysisk aktivitet som føreskrive (1 500 kcal per veke) over 16 veker (38). Gjennomsnittleg målt energiforbruk var 768 kcal per veke. Etterlevelsen blir også redusert over tid (38 – 40). Dette viser at nøyaktig måling av faktisk gjennomført aktivitet er essensielt for å vite kva som ligg til grunn for funna i ein gitt studie. Dersom deltakarane ikkje endrar åtferd, er det umogleg å seie noko om effekten av fysisk aktivitet på vektreduksjonen. I lys av dette, meiner me at den særs moderate effekten av fysisk aktivitet på vektreduksjon, som gjennomgått her, kan skuldast eit lågt aktivitetsnivå, med undervurdering av den reelle effekten som resultat.

Den randomiserte, kontrollerte studiedesignen vert rekna som gullstandarden innafor medisinsk forsking. Tilfeldig tildelt 60 min fysisk aktivitet dagleg kan likevel vere problematisk, dersom motivasjon og føresetnader for å endre livsstil varierer hjå deltakarane. Dette fordi slike intervensjonar krev stor eigeninnsats og høg motivasjon over tid (41). Til samanlikning er etterlevelse av medikamentelle regimer, som er langt mindre krevjande å gjennomføre for deltakaren, 50 – 80 % (42). Ettersom motivasjon for fysisk aktivitet er likt fordelt i intervensjons- og kontrollgruppa, kan ein vente vesentleg mindre kontrastar i aktivitetsnivå mellom ulike grupper enn kva ein ynskjer. I fleire studiar har ein konkludert med at fysisk aktivitet har liten effekt i primære analysar, medan analysar på tvers av ulike intervensjonar, basert på gjennomført aktivitet, har avslørt tydelege dose-respons-samanhengar (19, 32, 43 – 45). Til dømes fann Tate og medarbeidarar ein ikkje-signifikant forskjell på omkring 2 kg mellom to grupper med fysisk aktivitet tilsvarande 1 000 og 2 500 kcal per veke (0,90 og 2,86 kg vekttap) etter 30 månaders oppfølging (45). Reelt energiforbruk var imidlertid 1 380 og 1 696 kcal per veke i dei to intervensjonane. Analysar på tvers av gruppene viste at personar med energiforbruk > 2 500 kcal/veke hadde ein vektreduksjon på 12,0 kg samanlikna med 0,8 kg for personar med energiforbruk < 2 500 kcal/veke, men det var særs få som greidde å gjennomføre intervensjonen med eit energiforbruk på > 2 500 kcal/veke.

Studien til Tate og medarbeidarar illustrerer to viktige poeng. For det fyrste er det viktig å måle faktisk gjennomført fysisk aktivitet, for å vite om deltakarane har endra åtferd i samsvar med intensjonen. For det andre viser studien, som tidlegare påpeika, at få greier å gjennomføre mykje fysisk aktivitet over tid, men at dei som greidde å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå hadde god effekt.

Oppsummert viser konservative estimat frå randomiserte, kontrollerte studiar at fysisk aktivitet har avgrensa effekt på vektreduksjon. «Forklarande studiar» der målet er å vurdere den fysiologiske effekten av ein intervensjon (46), viser likevel, som beskrive, klare dose-respons-samanhengar mellom målt aktivititetsnivå og vektendring (19, 32, 43 – 45). Såleis kan også ikkje-randomiserte design vere viktige bidrag til litteraturen, fordi deltakarane i desse studiene kan ha betre potensial for effekt enn i randomiserte, kontrollerte studiar (29). Ikkje-kontrollerte studiar har vist store vekttap ved store mengder fysisk aktivitet (47, 48). Sameleis finn observasjonelle og retrospektive studiar konsistent betre effekt av fysisk aktivitet for vedlikehald av vekttap, samanlikna med randomiserte, kontrollerte studiar (49, 50). Representativitet og ekstern validitet må vurderast frå studie til studie, som for randomiserte studiar.

Til slutt vil me nemne tre viktige forhold med omsyn til fysisk aktivitet og vektreduksjon. For det fyrste ser fysisk aktivitet ut til å vere viktigare for vedlikehald av redusert vekt enn for initielt vekttap (11, 29). Til dømes viste Wu og medarbeidarar (11) at fysisk aktivitet var viktigare i studiar med varigheit over eitt år, samanlikna med studiar med varigheit under eitt år. For det andre kan vekt kritiserast som utfall i intervensjonar med fysisk aktivitet ettersom det er velkjent at fysisk aktivitet kan vedlikehalde eller auke muskelmassen slik at tap av feittmasse blir maskert (51). Ein kan såleis rekne med at fysisk aktivitet medfører gunstige endringar i kroppssamansetnad utover endringar i vekt, mellom anna reduksjon i visceralt feitt (52), noko som kan ha ein særs viktig helseeffekt. Det er også velkjent at fysisk aktivitet gir ein rad gunstige helseeffektar uavhengig av vekttap (53), og at den beskyttande helseeffekten av fysisk aktivitet og god fysisk form er større enn risikoen ved overvekt og fedme per se (54).

Konklusjon

Randomiserte, kontrollerte studiar finn gjennomgåande ein vektreduksjon på 1 – 3 kg ved fysisk aktivitet åleine eller som supplement til diett hjå personar med overvekt og fedme. Desse funna må tolkast i lys av at fysisk aktivitet ofte er føreskrive i små dosar og lite aktivitet vert gjennomført. Studiar viser likevel klare dose-respons-samanhengar, noko som tyder at personar som er motiverte for fysisk aktivitet og som er tilstrekkeleg aktive kan oppnå betydeleg effekt. Ein må også vere merksam på at fysisk aktivitet har ei rekkje gunstige helseeffektar utover vektreduksjon. Det er difor viktig å informere personar med overvekt og fedme om at fysisk aktivitet har gunstige effektar på vekt og andre helsevariablar.

Anbefalte artikler