Old Drupal 7 Site

Best på slutten

Jeanette Bjørke-Bertheussen Om forfatteren
Artikkel

Thorsen, Rolf

Mæhre, Kjersti Sunde

Martinsen, Kari

Fortellinger om etikk

185 s. Bergen: Fagbokforlaget, 2011. Pris NOK 355

ISBN 978-82-450-1159-3

Fortellinger om etikk oppgis å vere aktuell for alle som jobbar for og med menneske, både på bachelorutdanning og høgare nivå. Men det meste av boka er skrive ut frå eit sjukepleiarperspektiv, og kan oppleves mest relevant for denne yrkesgruppa.

Boka består av 7 kapittel som kan lesast kvar for seg, og kvart kapittel har ulik forfattar. Dermed blir det noko gjentaking, til dømes med referering og forklaring av Løgstad (Vi er hinandens verden og skjebne) og Levinas (Ansvar for den Annen) fleire gonger. Det er eit resymé av kvart kapittel i byrjinga. Språket er lett tilgjengeleg, og med stor skrift og relativt få sider er ho fint overkommeleg.

Anmeldaren opplever at boka tek seg gradvis opp. Dei første tre kapitla seier noko om viktigheita av å lytte til kvar pasient si unike fortelling og bruke klinisk skjønn, og ikkje å la seg binde av fastlagte normar og malar i pasientmøta. Men dette er ikkje noko nytt, og det manglar også ei problematisering av å la det gå for langt den vegen. I det fjerde kapittelet reflekterer forfattarane kring det å gi hjelp til døyande, og den smerten hjelpepersonal (sjukepleiar) kan kjenne på i ei intensivavdeling. Eutanasi berøres også. Men det manglar ei formidling av kompleksiteten som omgir desse temaa. I det femte kapittelet er sterke kliniske vignettar om valdsutsette kvinner basis for refleksjonar. Dei to siste kapitla er dei klart beste. Eitt omhandlar krenkingar med søkelys på «blinde og døve pleiekulturar». Det siste belyser skam, også av det gode, som hindrar oss i å gå over grensa til noko som skal få vere framand. Det gir stoff til vidare ettertanke og personleg refleksjon.

Eg anbefaler å lese dei siste kapitla først, og bla vidare framover om du er særskild interessert.

Anbefalte artikler