Ketscher, Kirsten
Lilleholt, Kåre
Smith, Eivind
Velferd og rettferd
Festskrift til Asbjørn Kjønstad 70 år. 703 s, ill. Oslo: Gyldendal Juridisk, 2013. Pris NOK 1200
ISBN 978-82-05-42443-2
Festskriftsjangeren er ikkje føreseieleg, men interessant. Du kan møta alt frå ei tekstsamling med panegyriske hyllingar, som ei minnebok for vaksne, til ein vel redigert fagantologi. Denne boka er av det siste slaget. Attpåtil er det ein murstein av eit festskrift. Etter det obligatoriske tabula gratulatoria, som i seg sjølv har sosialantropologisk verdi, kjem det ein kort og velskriven biografi om hovudpersonen Asbjørn Kjønstad. Og ja, han fortener eit festskrift. Få har som han prega utviklinga av velferdsretten, og dermed også folk sine levekår her i landet, sidan 1970-talet.
Deretter følgjer heile 46 fagartiklar om ei rekkje ulike tema, og til slutt ein kronologisk bibliografi over jubilantens skrifter. Eg skal medgje at eg ikkje har lese alle artiklane. Eg har plukka dei som eg tykte var mest relevante. Det blei likevel mange, for tekstane er jamt over lettlesne og har høg fagleg kvalitet, anten dei no er på norsk, andre skandinaviske språk eller engelsk. Redaksjonen har gjort eit godt arbeid med å stille krav til forfattarane og å sy stoffet saman på ein heilskapleg måte.
Mange av tekstane vil vere av interesse for legar som har moro av å lese om dei rettslege rammevilkåra for medisinsk arbeid. Det er eigentleg urettferdig å nemne eit fåtal av artiklane her, men det får stå si prøve. Erik Magnus Boe har skrive ein tankevekkjande artikkel om omkamptyranniet. Den handlar om den statlege helseforvaltinga sine stadige utfordringar av politiske vedtak om helseregistra. Han går til skarpt angrep på fagforvaltinga si manglande vilje til å akseptere stortingsfleirtalets vedtak som førande for etterfølgjande forvaltingsarbeid. Den svenske juristen Elisabeth Rynning presenterer ein fin analyse av grensene for valfridom og individuelle ønskjemål ved yting av helsetenester ut frå høvet til å velje bort mannlege legar ved fødselshjelp og gynekologisk undersøking. Dei to artiklane som eg tykte gav meg mest ny kunnskap, handla om forhold utanfor vår lokale, trygge nasjon. Den greske jusprofessoren Patrina Paparrigopoulou-Pechlivanidis gjev eit gripande oversyn over manglar ved det greske rettssystemet som har vore medverkande til den miserable økonomiske stoda som Hellas er i for tida. Den norske juristen Anne Hellum gjev eit godt innblikk i retten til reint vatn som jamstillingsutfordring i eit globalt perspektiv.
Kva saknar eg så? Kjønstad var gjennom sekretariatsarbeidet i legelovutvalet (NOU 1976:1) sterkt medverkande til at vi fekk inn kravet om forsvarleg verksemd i den norske helseretten. Forsvarleg verksemd som rettsleg standard hadde fortent ein eigen artikkel i dette festskriftet. Den juridiske, teoretiske litteraturen er ikkje påfallande sterk på dette området. Jan Fridthjof Bernts artikkel om fag, jus og politikk i velferdsstaten, fangar heldigvis opp litt av tematikken.