Old Drupal 7 Site

Oversiktleg og hendig oppslagsverk for allmennlegar

Lisbeth Homlong Om forfatteren
Artikkel

Simon, Chantal

Everitt, Hazel

Dorp , Francoise van

Oxford handbook of general practice

4. utg. 1 157 s, tab, ill. Oxford: Oxford University Press, 2014. Pris GBP 35

ISBN 978-0-19-967103-8

Oxford handbook of general practice kom i år i fjerde utgåve. Førre utgåva kom i 2010. Boka er skrive av allmennlegar, og målgruppa er nettopp allmennlegar, men den vil også vere til god nytte for turnuslegar. Boka er grundig og omfattande, men samtidig lettlest og velskrive, illustrert av nyttige og oversiktlege figurar og tabellar. Den inneheld det meste du treng av medisinsk informasjon og kunnskap til bruk i ein allmennmedisinsk praksis, både i det daglege og i legevaktsamanheng.

Boka er delt i tre seksjonar, med ulike fargekodar: ein generell del som tek for seg organiseringa av britisk allmennpraksis, ein klinisk del og ein del som tek for seg akutte tilstandar. Sidan førre utgåva er dei kliniske kapitla oppdatert i høve til ny kunnskap og gjeldande retningsliner. Dei ikkje-kliniske kapitla reflekterer endringar i britisk allmennpraksis dei seinare år. Dette er sjølvsagt mest relevant for britiske forhold, men har også ei viss generell interesse.

Dei kliniske kapitla omfattar alle organsystem, i tillegg er der eigne kapittel om småkirurgi, førebyggjing, kronisk sjukdom, geriatri og akuttmedisin. Kapitla i den kliniske delen er ordna etter dei ulike organsystema, og der er ingen innleiande kapittel som tek for seg dei vanlegaste symptoma som ein møter i allmennpraksis, slik som vi til dømes finn i den norske læreboka Allmennmedisin, som er tilpassa norske forhold og mykje nytta som faglitteratur her i landet. Ein kan likevel finne svar på utgreiing av ulike vanlege symptom ved å slå opp i registeret, på til dømes brystsmerter, og finne igjen dette i det tilhøyrande organkapitlet. Likevel er denne mangelen noko som trekker ned kvaliteten på boka, som eit allmennmedisinsk oppslagsverk i kvardagen, etter mi meining.

Boka er elles i eit hendig format som gjer det enkelt å frakte den med seg i sjukebesøk og liknande. Omslaget i vinyl medfører også at boka tåler ein støyt. Eit slikt oppslagsverk vil nødvendigvis ikkje kunne halde seg oppdatert kontinuerleg, slik elektroniske verkty i dag gjer. I kvardagen på eit norsk legekontor bruker mange Norsk elektronisk legehåndbok (NEL) og UpToDate som begge er nyttige, oppdaterte elektroniske hjelpemiddel. Den britiske handboka kan likevel vere eit godt supplement til desse, sjølv om eg ideelt sett hadde ønskja meg ein elektronisk versjon og gjerne ein mobilapp.

Anbefalte artikler