Old Drupal 7 Site

Lisbeth Homlong Om forfatteren
Artikkel

Han kom til verda på den gamle Kvinneklinikken. Seinare trakka han rundt i sjukehuskorridorane som portør og medisinstudent, før han til slutt enda opp som sjukehusdirektør. Rikshospitalet har spela ei stor rolle i livet til professor emeritus Jacob B. Natvig. No får han sine årlege hjartekontrollar der.

Foto: NTB scanpix

«A man who cannot do a mistake, cannot do anything» er ein leveregel 80-åringen har hatt med seg gjennom eit langt og over gjennomsnittet aktivt yrkesliv.

– Eg trur at ein må vere villig til å leve med ei viss usikkerheit, seier han ettertenksamt. – Sjølv er eg ikkje uforsiktig akkurat, men det er noko i dette, å tåle å ta sjansen på å feile.

Når eg spør kva feil han sjølv har gjort, vert han likevel svar skuldig. Og kanskje høyrer ikkje svaret heime i eit portrett som dette. Å intervjue ein mann av Natvigs kaliber inneber ei viss fare for professoral «namedropping» og anekdotiske forteljingar. Det viser seg likevel at han har mykje interessant historisk materiale på lager.

Heimen hans på Bekkelagshøgda i Oslo ber preg av hans samfunnsengasjement og historiske interesser. Eg vert ønskja velkomen inn i ei lun stove i varme fargar, innreia med bondeantikvitetar og bokhyller fylt med bøker, veggar dekka med litografiar og maleri og på golva mjuke tepper i rustraude og oransje nyansar. Spisestovebordet er dekt av gamle tidsskrift og bøker, bunkar med dokument og gamle fotografi som han har funne fram i høve intervjuet. Frå kjøkkenet hentar han to solide kaffikrus, med logoen til Scandinavian Journal of Immunology på.

Immunologisk pionerverksemd

Den pensjonerte professoren var ein sentral person i sjølve grunnlegginga av faget immunologi i Noreg. Frå slutten av 1960-åra og framover var han ei drivkraft i det immunologiske forskingsmiljøet i Noreg, som sjef for Rikshospitalets revmatologiske forskingsinstitutt (seinare Institutt for generell og revmatologisk immunologi). I ei årrekkje var han den mest siterte norske forskaren innan biomedisin, med ei rad artiklar i Nature og andre sentrale, internasjonale tidsskrift. I 2009 vart han utnemnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen han har gjort innan medisinsk forsking og for betring av medisinske tilhøve i utviklingsland.

– Eg starta mi akademiske karriere i Bergen, fortel han, – der eg i 1966 fullførte doktorgrada mi på autoantistoff og genetiske studiar av antistoffmolekylet IgG. Etter dette var eg postdoktor på Rockefeller University i New York i eit år, der eg jobba under professor Henry Kunkel, ein verdsleiande immunologisk forskar. Opphaldet var svært stimulerande, og eg kom tilbake til Oslo betre rusta for å byggje opp eit nytt immunologisk miljø i Noreg.

Natvig var aktivt involvert i utviklinga av kombinasjonen basal og klinisk immunologi. Han kom inn i faget via revmatologien, der immunologiske forhold viste seg å vere sentrale for betennelsesprosessen i leddvev. Studiet av autoimmune sjukdomar kunne gi ny kunnskap om dei basale sjukdomsprosessane.

– Saman med assisterande overlege Ove Mellbye bygde vi opp eit laboratorium der forskingsstipendiatane også tok del i rutinearbeid, som oppfølging av blodprøver, biopsiar og liknande, med nye immunologiske metodar. Både Stig Frøland, Gunnar Husby, Einar Munthe, Bodvar Vandvik med fleire arbeidde slik og støtta dermed pasientbehandlinga, samtidig som dei tok imot verdifullt pasientmateriale til forsking. Forskinga omfatta mellom anna dei immunologiske reaksjonane i leddgiktvev, funn av heilt nye markørar for å identifisere humane T- og B- lymfocyttar og karakterisering av amyloide proteiner som kan gi amyloidose.

Opp gjennom åra har Jacob Natvig undervist eit tusental av norske medisinstudentar i faget immunologi. Dei fleste legar utdanna i Noreg før år 2000 kan sikkert hugse den klassiske læreboka Medisinsk immunologi av Harboe og Natvig. Saman med skandinaviske kollegar starta dei også Scandinavian Journal of Immunology, i 1972. Immunologien var då blitt eit etablert fagområde, både i klinisk samanheng og i basalforskinga. Saman var dei hovudredaktørar i 25 år. Natvig er framleis med på lasset som seniormedarbeidar.

Maritim ballast

Ein CV lang som eit vondt år vitnar om ein uvanleg stor arbeidskapasitet.

– Det skuldast nok at eg har vore velsigna med eit uvanleg godt sovehjarte, fortel han, – det har eg etter mor mi, og rimeleg god helse. Eg har rett nok levd halve livet på blodtrykksmedisin, og dei siste par åra har eg i tillegg gått med moderat atrieflimmer. Men dette har ikkje sett grenser for kva eg kan gjere.

Han hentar fram eit innramma sitat som han plukka med seg frå New York, og som han alltid sidan har hatt hengande på kontoret sitt: «Happy are those who dream dreams and are ready to pay the prize to make them come true.»

– Det har alltid ein pris å jobbe for noko, seier han.

– Kva pris har du betalt?

Han nøler.

– Eg har ofra noko av familielivet. Sjølv om eg har forsøkt å halde bra kvalitet på det som vi har gjort saman, til dømes på hyttene vi skrapa saman til, på fjellet i Ål og ein holme i Mefjorden. Men kona mi har vore fantastisk og klart mykje åleine.

– Og eg kunne nok ha vore ein betre far, legg han ettertenksamt til. Det er sånt som ein kan tenke på – i etterkant.

Med tung maritim ballast i familiehistoria var det ikkje sjølvsagt at Natvig skulle hamne i medisinfaget. Far hans var forretningsmann, men råda sonen til å ta realgymnas for å halde alle moglegheiter opne. Og dermed vart det medisin. Militærteneste som marinelege førte han til Bergen og Marineholmen, der Sjøforsvaret heldt til på den tida.

– Håkonsvern vart oppretta etter mi tid, eg er forhistorisk, ler han hjarteleg. – Det vart til at eg søkte assistentlegestilling på Gades Institutt, hos professor Waaler, verdskjent for å ha oppdaga revmatoid faktor. Der gjorde eg obduksjonar og slikt, men vart oppmoda av Olav Tønder til å utføre eit doktorgradsarbeid ved Broegelmanns forskningslaboratorium, som var kjernen i det immunologiske miljøet i Bergen.

Han hentar fram eit gamalt fotografi frå doktormiddagen sin heime i Øvrelia i Bergen. Rundt bordet sit menn i kjole og kvitt, damer med fjonge 60-talskjolar og frisert hår. Ivrig konverserande, ser det ut til.

– Dette er kona mi Harriet, han peikar, – ho er frå Kristiansund, vi møttest i Nordmarkskapellet, der eg leia ein kristen arbeidsleir for studentar. I turnustenesta hamna eg på Orkdal sjukehus og Averøya i distrikt, så då utvikla forholdet seg vidare.

– Vi har halde saman i 55 år, fortel han vidare. – Fire barn fekk vi, tre jenter og ein gut, no har vi i tillegg fire svigerbarn, 13 barnebarn og eit oldebarn. Stolt hentar han fram eit nytt fotografi der heile familien er samla.

Historisk interessert som han er, fortel Natvig levande og engasjert om familiebakgrunnen sin, generasjonar tilbake. Foreldra var vestlendingar, mora frå Bergen og far frå Stavanger. Tippoldefaren hans, Sjur Flage, kom frå ein husmannsplass på Bulken ved Voss og reiste ned til Bergen. Han var ein drivande fyr, vart godt gift og starta Flageverftet på Laksevåg. Morfaren vart skipsingeniør på Bergens Mekaniske Verksted. Tippoldefaren på farssida, Tomas Natvig, var skipper hos Kielland. Seinare blei han losoldermann og stortingsmann.

– Mange har sagt at han var ein av modellane for Skipper Worse, med den kjente replikken «Vi kommer sent, herr kunsel, men vi kommer godt», då han førte barken Ledaal trygt heim frå Sør-Amerika. Med denne familiehistoria måtte det bli militærteneste i marinen for meg, fortel han.

– Men det som kanskje har sett sterkast spor hos meg i den nære familien, er at mor mi mista si mor i barselfeber då ho vart fødd i 1907. Så ho fekk aldri sjå mor si. Ho var første barnet. Mor mi var prega av dette. Sjølv fekk ho fem barn og var veldig tett knytt til barna sine. Ho tok seg av oss på ein eineståande måte. Mor fødde meg på Rikshospitalet og skreiv der eit nydeleg brev til si mors syster at ho først no forstod kor grusamt det måtte vere for mor hennar å døy frå sitt nyfødde barn.

«Direktøren for det hele»

Då Natvig skulle byrje studere medisin, søkte han jobb som portør på Rikshospitalet. Seinare vart han både overlege og direktør.

– Noko av det mest nyttige eg hadde med meg som sjukehusdirektør, var at eg også hadde vore portør og opplevd hospitalet frå den vinkelen.

– Å vere sjukehusdirektør er ei heilt anna rolle enn å vere forskar eller overlege. Korleis var det?

– Veldig spennande, seier han spontant. – Eg hadde vore personalrepresentant i styret i fire år før, markert meg ein god del der og vart oppmoda til å stille. Eg hadde tre målsettingar då eg byrja som direktør. Det eine var økonomistyring, som Rikshospitalet hadde strevd med. Det andre var arbeidet med bygningsmassen, som var gammal og nedslitt. Etter kvart vart eg overtydd om at flytting av sjukehuset var den beste løysinga, og fekk endra planane frå eit prosjekt med utbygging på det gamle Rikshospitalet til eit prosjekt på Gaustad. For det tredje hadde eg ambisjon om å gjennomføre faglege nyvinningar.

Internasjonalt var det gjort store framsteg innan hjartetransplantasjon, og sidan hospitalet allereie hadde drive med nyretransplantasjonar i mange år, var det naturleg å forsøke å gå vidare med dette. Sjukehuset hadde dessutan eit framifrå hjartekirurgisk team, leia av professor Karl Victor Hall. Jacob Natvig tok avgjersla om at dette var noko ein skulle satse på å få til og sette ned ein tverrfagleg komité som skulle arbeide vidare med saka – i det stille.

– Eg tok på meg direktørjobben for også å kunne medverke til faglege framsteg, til det beste for pasientane, legg han til, – og ikkje berre vere byråkrat. Då vi hadde kome så langt at vi såg oss i stand til å gjennomføre ein hjartetransplantasjon, ga eg klarsignal, men sa at vi måtte gjere det innanfor gjeldande budsjettramme. Utover det ville eg ikkje vite noko. Pasienten skulle veljast ut frå faglege kriterier. Men eg sa at dei gjerne kunne ringe meg etterpå.

Slik blei Rikshospitalet, som kjent, det første sjukehuset i Skandinavia som utførte denne avanserte behandlinga. Natvig er blitt godt kjent med pasienten i etterkant. Seinast for eit år sidan møtte han ho, då 30- årsjubileet for den første hjartetransplantasjonen vart markert. I 1983, då ho vart transplantert, var ho berre 22 år, og ho har no levd mykje lenger med sitt transplanterte hjarte enn sitt opphavlege.

– Det er fantastisk rørande å treffe att folk som er blitt transplantert, og som har levd vidare i fleire tiår med sine nye organ. Sånne ting gjer inntrykk!

I 1986, etter ni krevjande år, ga Natvig seg som direktør, og gjekk tilbake i overlegestilling og professorat på Immunologisk institutt. Og dreiv igjen med aktiv forsking fram til han gjekk av med pensjon i 2005.

– Vi var oppe i ein situasjon der styret var usamd med meg om enkelte ting, så då fekk eg eit spørsmål om å trekke meg tilbake. Og det gjorde eg, sjølv om eg fekk oppmoding frå statsråd Leif Arne Heløe om å halde fram. Ei veke etter at eg slutta som direktør, vart eg vald til president for alle dei 30 000 immunologane i verda, i International Union of Immunological Societies.

Medisinsk museumskurator

Natvig har i ei årrekkje engasjert seg i medisinsk museumsverksemd, gjennom Stiftelsen Nasjonalt Medisinsk Museum, der han var styreleiar i 12 år.

– Kort fortalt oppretta vi i 2002 ein eigen stiftelse for å ta vare på og utvikle eit fagleg medisinsk museumsengasjement. Styret er på 11 personar, og etter kvart har venneforeininga fått ca. 150 medlemmar. Vi held seminar, har laga utstillingar og reiser på studieturar for å besøke medisinske museum rundt omkring i Europa. Vi har lagt stor vekt på å utvikle samarbeid med Nasjonalt Medisinsk Museum på Norsk Teknisk Museum.

Natvig var elles med på å sikre at den gamle Kvinneklinikken (KK) på Rikshospitalet, der han sjølv kom til etter ei tangforløysing i 1934, ikkje vart seld til eigedomsspekulantar. Bygget er no rehabilitert, og mykje av det gamle er verna. No held mellom anna Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten til der. Men fleire andre aktiviteter i bygget er også knytt til medisin og helse, både Det norske medicinske Selskab og Stiftelsen Nasjonalt Medisinsk Museum har stadig møte i det ærverdige gamle auditoriet der fleirfaldige generasjonar av legar og jordmødre heilt fram til år 2000 fekk sine forelesingar i gynekologi og obstetrikk

Ei anna historie om Kvinneklinikken er frå krigen, då hovudradiosendaren frå Milorg til London var lokalisert på loftet der. Knut Haugland, tungtvatnsabotør og seinare deltakar på Kon-Tiki-ekspedisjonen, var radiooperatøren som sørgja for at desse operasjonane kunne gå føre seg.

– Eg vart kjent med han gjennom stiftelsen vår, då han var invitert for å snakke om sine røynsler frå Kvinneklinikken under krigen. Eg tok elles initiativet til at det vart skrive ein biografi om han. Det var ein månad før han fylte 90 år.

Sjølv vaks Natvig opp eit steinkast ned i bakken frå der han bur i dag, på Holtet, rett ovanfor folkeskulen. 9. april 1940 hugsar han som det var i går. Familien flykta om morgonen før vegane vart stengt, opp til Hedmarken, til Hauger gård. Der blei familien verande til krigshandlingane der var over.

– Eg var fem år gammal, men hugsar enno korleis det var då vi måtte flykte frå dei tyske soldatane. Eg gjekk i ei lang flyktningkolonne og heldt høgre handa i barnevogna med min to år yngre bror i, som mor mi trilla.

– Har du framleis meir å gi, undrar eg?

– Ja, absolutt! Eg engasjerer meg mykje i lokalmiljøet, mellom anna i Bekkelagshjemmet, som er den lokale sjukeheimen. Og Bekkelaget kyrkje, der eg har vore aktiv i menigheitsarbeid i ei årrekkje.

Eit nytt prosjekt han har på trappene, er det gamle militærhospitalet frå Empire-kvartalet som no står på Grev Wedels plass, som romma det første Rikshospitalet frå 1826 til 1883, før det vart flytta til Pilestredet. Han håper at bygget kan takast i bruk til medisinske og helsefaglege formål og er med i ein ny stiftelse kalla Morgendagens Helse som jobbar med saka. Jacob Natvig byggjer stein på stein og er ein meister til å få folk med på laget, så bli ikkje overraska om han får noko ut av dette også.

Jacob Birger Natvig

Født 6.12. 1934 i Oslo

  • Cand.med. Universitetet i Oslo, 1959

  • Dr.med. Universitetet i Bergen, 1966

  • Første sjef og overlege ved Rikshospitalets revmatologiske forskningsinstitutt (seinare Institutt for generell og revmatologisk immunologi), 1967 – 77

  • Grunnleggjar og hovudredaktør for Scandinavian Journal of Immunology, 1972 – 2001

  • Direktør for Rikshospitalet, 1978 – 86

  • Professor i medisin (immunologi), Universitetet i Oslo 1986 – 2004

  • Overlege ved Institutt for generell og revmatologisk immunologi (seinare Immunologisk Institutt), Rikshospitalet, 1986 – 2004

  • President i International Union of Immunological Societies, 1989 – 1992

  • Ridder av St. Olavs orden for sin innsats i norsk forsking, 2009

  • Professor emeritus 2005– d.d.

  • Styreleiar i Stiftelsen Nasjonalt Medisinsk Museum, 2002 – 2014

Anbefalte artikler