Old Drupal 7 Site

Tynn bok om vaginal ultralyd

Ragnar Kvie Sande Om forfatteren
Artikkel

Benacerraf, Beryl R.

Goldstein, Seven R.

Groszmann, Yvette

Gynecologic ultrasound

A problem-based approach. 273 s, ill. Philadelphia, PA: Elsevier Saunders, 2014. Pris USD 135

ISBN 978-1-4377-3794-3

Ifølgje forfattarane er den meint for klinikaren ved ultralydutgreiing av gynekologiske pasientar. Den er bygd opp med fire hovuddelar: fyrst ei fire siders liste med diagnosar etter symptom, med referanse til relevant kapittel i neste del. Denne består av 54 kapittel på 2 – 5 sider med ulike gynekologiske tilstander og korleis desse kan sjå ut ved transvaginal ultralyd. Her er teksten i hovudsak radiologisk, med kort omtale av diagnostikk og behandling. Delen er rikt illustrert med gråtoneskalaultralydbilde og eit og anna fargedoppler- og 3D-bilde. Deretter følgjer ein 12-siders del der ein tar for seg korleis normal bekkenanatomi ser ut på ultralyd og vanlege normalvariantar. Den siste delen på 28 sider er til sjølvstudium og inneheld 26 kasuistikkar med fasit.

Ein kan også laste ned ein digital versjon. Denne kan opnast i ein eigen app, ein kan då lese boka på nettbrett og sjå eit titals videosnuttar som viser nokre av problemstillingane som er omtala.

Forfattarane presenterer boka som problembasert, noko som er ein god idé – all den tid tradisjonelle gynekologiske ultralydatlas ofte er ein systematisk gjennomgang av emnet, og fordrar at ein har ein viss idé om kva ein ser etter før ein kan gjere nytte av verket. Denne boka inneheld tre og ei halv side med 54 diagnosar, organisert under 14 symptom og funn, som viser vidare til kapitla i hovuddelen. Dette er ikkje tilstrekkeleg til å kalle boka problembasert.

Boka er ny av året, men er lite oppdatert i form og innhald. Videosnuttar i den elektroniske versjonen er veldig nyttig, særleg i framstillinga av ei så dynamisk undersøking som vaginal ultralyd, men det burde vore langt fleire enn det ein får her. Videoane er 30 – 40 sekund lange, men består av 2 – 5 sekunders klipp som vert gjentatt. Dei tilfører lite til stillbilda, med liten bruk av til dømes rørsle for å illustrere adheranser ved endometriose. Innhaldsmessig er det lite søkelys på nye undersøkingsteknikkar, til dømes transperineal ultralyd ved descens. Derimot har ein funne plass til fem kapittel om ikkje-gynekologiske tilstander, som tarm- og blæretumorer. Desse ligg ofte godt til rette for framstilling ved transvaginal ultralyd, men kan ikkje seiast å høyre naturleg heime i ei bok om gynekologisk ultralyd.

Alt i alt er boka eit greitt oppslagsverk i transvaginal ultralyd for kollegar med 2 – 4 års erfaring med denne type undersøkingar, men litt tynn til å kunne forsvare prisen og ikkje heilt problembasert nok til å forsvare tittelen.

Anbefalte artikler