Old Drupal 7 Site

Best på engelsk?

Otto Inge Molvær Om forfatteren
Artikkel

Det er ikkje slik at uttrykk er betre på engelsk berre fordi vi er vane med å høyre dei slik.

I eit intervju med Sverre Lundevall i Tidsskriftet nr. 6/2014 (1) meinte han at dei to grunnprinsippa i vegleiarutdanninga gjer seg best på engelsk. Det er eg usamd i.

«Learning by doing» er etter mitt omdøme ikkje betre enn «læring ved øving» – og slett ikkje i ein norsk tekst. «Don’t tell them, show them» tykkjer eg ikkje er betre enn «ikkje prat, vis» eller «ikkje snakk, demonstrer».

Anglisismar brukt i utrengsmål er etter mitt omdøme språkforsøpling.

Anbefalte artikler