Old Drupal 7 Site

Stigmatiserande legemiddelannonse

Mette Løkeland Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 23 – 24/2014 har Galderma Nordic AB ein annonse for eit middel mot akne. Bildet som følgjer reklamen, er av ein ung mann. Det er todelt – på den eine sida har han bustete hår, akne og ei jakke full av pins og sikringsnåler, på den andre har han kjemma hår, er fri for akne og ber ein streit genser.

Kva prøver dei å fortelje oss med denne dikotomien? Har akne samanhang med livsstil, klesstil og kjemma hår? Dei gjev inntrykk av at for å nå målet om eit aknefritt liv, må ein endre livsstil, vere streit og kle seg «sømeleg». Under ligg meldinga om at gutar med akne kan skulde seg sjølv. I tillegg er det eit veldig normativt bodskap om kva ein reknar for «rett» livsstil. Mannen til venstre gjev inntrykk av å vere meir rebelsk i høve til gjeldande normer enn han til høgre. Han er kanskje ikkje like sporty og skuleflink, viss vi byggjer vidare på dei stereotypiane reklamen speler på.

I bunn og grunn er dette ein misvisande og stereotyp reklame, og i tillegg synest eg han er stigmatiserande når det kjem til folks val av livsstil. For Galderma er det på tide å endre taktikk dersom dei vil nå alle.

Anbefalte artikler