Thachil, Jecko
Hill, Quentin A.
Haematology in critical care
A practical handbook. 254 s, tab, ill. Chichester: Wiley-Blackwell, 2014. Pris GBP 62
ISBN 978-1-118-27424-8
Berre 1 – 2 % av pasientane i intensivavdelingar har ein hematologisk grunnsjukdom, men mange av intensivpasientane har avvikande hematologiske prøvar, trombose eller bløding. Forfattarane har som mål at boka skal vere ei handbok og kjelde for ekspertråd ved hematologiske problem hos intensivpasientar og for behandling av akutte tilstandar hos hematologiske pasientar.
Dei to redaktørane arbeider ved sjukehus i Leeds og Manchester. Dei fleste av 41 andre bidragsytarar har også sitt virke i Storbritannia, men nokre få er frå USA og India. Fagbakgrunnen til forfattarane er hematologi, intensivmedisin eller transfusjonsmedisin. Barnelegar er representert med ein seksjon om hematologi i pediatrisk og neonatal intensivbehandling.
Boka er delt inn i 10 seksjonar og 35 kapittel. Den startar med avvikande hematologiske prøvesvar og grunnar for dette. Deretter fylgjer mellom anna seksjonar om koagulasjonsproblem, transfusjonsproblem, hemoglobinopatiar i intensivmedisinsk samanheng, nøytropen feber, komplikasjonar etter stamcelletransplantasjon og tiltak for å førebyggje multiorgansvikt hos den ustabile pasienten. Samtidig er det viktig å overføre pasienten tidleg nok til intensivbehandling, og dette er drøfta i eit eige kapittel. I siste kapittelet er akutte komplikasjonar, som til dømes tumorlysesyndrom, omtala.
Oppfyller boka målsettinga? Boka er på mange felt god for den som treng eit raskt oversyn over eit vidt spekter av hematologiske og intensivmedisinske problemstillingar. Den retter seg mot legar som arbeidar innanfor ulike fagområde, og relevansen og nytten av ulike kapittel vil nok variere avhengig av fagleg bakgrunn. Bruken av referansar og evidensgrunnlaget for råd som blir gjevne, varierer. For det meste har redaktørane klart å unngå for mykje overlapping mellom kapitla. Eitt unntak er rekombinant faktor VIIa, som ved gjennomlesing av heile boka kan irritere lesaren. Men for ei bok kor lesaren ofte vil lese einskilde kapittel, må det finnast tilgjeving for det.
Boka har to tekstspalter på kvar side, og ein del tabellar og einskilde algoritme har fått plass, men nesten ingen bilete. Bruk av til dømes bilete av blodutstryk og ikkje berre tekstskildring, og meir bruk av faktaboksar, ville gjort innhaldet lettare tilgjengeleg for lesaren.
Eg vil tilrå boka for legar som arbeider med blodsjukdommar eller intensivmedisin, og som treng oversyn over eit vidt spekter av hematologiske intensivmedisinske problemstillingar.