Old Drupal 7 Site

Re: Diffusjonsvektet MR ved transitorisk iskemisk anfall

Harald Nes Om forfatteren
Artikkel

Kvistad og medarbeidares debattinnlegg om bruk av diffusjonsvektet MR i diagnostikk ved transitorisk iskemisk anfall (1) har preg av å reklamere for ein metode. Det er kanskje bakgrunnen for at innhaldet er såpass rundt formulert. Eg vil tru forfattarane er oppmerksomme på det potensielt politiske sprengstoffet slike føringar kan få, med dei ulikt fordelte ressursane i Helse-Norge.

Men eg savnar presisjon. Om tid og rom: Diffusjonsutslag er ferskvare. Dei føringane innlegget legg opp til, – kva slags handlingsrom er aktuelt? I praktisk bruk er det stor forskjell på MR umiddelbart eller innan 1 døgn eller 3 døgn. Og lokalisering: Kva med samsvar mellom påvist lesjon, og nevrologiske utslag? Om spesifisitet: Innlegget gir inntrykk av at diffusjonsutslag = infarkt. Er det så enkelt? Vi antar kanskje, men veit vi at der er infarserte celler når vi ser ein 3 mm lesjon med diffusjonsutslag? Og veit vi at iskemi er årsaken? Diagnostiske fallgruver er ikkje bare oversett patologi (falsk negative), men også overrapportering (falsk positive) er eit betydelig problem.

Hovedbudskapet i innlegget er lett å følge, og brukt rett kan det gi betydelig forbetring for ei stor pasientgruppe. Men inntrykk av ein «kvikk fix»-metode skapar fort overdrivne forventningar, og der må presisjon inn som modererande faktor.

Anbefalte artikler