Old Drupal 7 Site

Legar må bidra i medisinsk grunnutdanning

Marit Halonen Christiansen Om forfatteren

Kommentarer

(1)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.
Karl Anton Undeland
Om forfatteren

Takk for ein fin artikkel om Legeforeningen sitt arbeid med grunnutdanning (1). Eg ser fram til endeleg rapport til hausten. Det er fint å sjå aktiv debatt om undervisningsspørsmåla som du nemner. Eg deltok i mange slike debattar då eg sjølv var student i Bergen kring 1995. Vi hadde eit landsomfattande engasjement i foreininga Norsk Forening for Medisinsk Utdanning, ei spesialforeining i Legeforeningen. Vi hadde fleire møter saman med Legeforeningen om desse spørsmåla, saman med Oxford University. Møterekka heitte «Learning in Medicine» og var leia av Hans Asbjørn Holm, visegeneralsekretær i Legeforeningen. Den europeiske medisinstudentorganisasjonen (EMSA) hadde og fleire møter om dette. Eg forstår EMSA framleis held konferansar om medisinsk utdanning, og er endå meir aktive no enn før.

Litteratur

1. Christensen MH. Legar må bidra i medisinsk grunnutdanning. Tidsskr Nor Legeforen 2015; 135:1242