Old Drupal 7 Site

Akuttmedisin i ein distriktskommune

Sverre Rørtveit Om forfatteren
Artikkel

Akuttmedisinske hendingar i lokalsamfunnet skjer relativt hyppig og har ei stor variasjonsbreidd. Det er vanskeleg å predikere alvorsgraden i dei ved den første meldinga.

Sverre Rørtveit. Foto: Trond Hagenes

Trass i at det har vore stor merksemd rundt faglege og organisatoriske forhold ved dei prehospitale tenestene, har det ikkje vore gjort detaljerte studier av akuttmedisinske hendingar i lokalsamfunnet.

Vi har i denne avhandlinga studert to aspekt ved akuttmedisin i lokalsamfunnet, sett frå fastlegeteneste og legevakt, og samarbeidet mellom kommunetenestenivået og ambulansetenesta. Dei to delstudiane som avhandlinga består av vart gjort i øykommunen Austevoll.

I den første studien registrerte vi prospektivt all akuttmedisinsk aktivitet i kommunen i toårsperioden 2005 – 07. Dei deltakande legane og ambulansepersonellet fylte ut omfattande registreringsskjema for kvar hending. Dei viktigaste funna var ein akuttmedisinsk hendingsfrekvens på 2,7 % av populasjonen per år, at det vart registrert 62 ulike diagnosar, og at legen sin vurdering av det kliniske situasjonsalvoret vart nedgradert i 42 % av hendingane og oppgradert i 11 %.

I den andre studien vart det opplært akutthjelparar i to utkantar av Austevoll til innsats ved hjartestans og mistenkt hjarteinfarkt mens ein venta på lege og ambulanseteneste. Studien gjekk over fem år, og hovudføremålet var å studere om gruppeorganiseringa av akutthjelparar kunne vedlikehaldast over desse fem åra. Gruppene fungerte heile femårsperioden, men veikskapar ved gruppefungeringa kunne konstaterast.

Hovudkonklusjonar frå den første studien er at legen er ein viktig ressurs framme hos pasienten ved dei akuttmedisinske situasjonane, i lag med ambulansetenesta. Frå den andre studien var ein hovudkonklusjon at akutthjelpargrupper ikkje kan vere ein sjølvstendig del av akuttberedskapen i kommunane.

Disputas

Sverre Rørtveit disputerte for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen 30. september 2016. Tittelen på avhandlinga er Akuttmedisin i ein distriktskommune.

Anbefalte artikler