Old Drupal 7 Site

Ein klassikar i ny utgåve

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Mæland, John Gunnar

Forebyggende helsearbeid

Folkehelsearbeid i teori og praksis. 4. utg. 245 s, ill. Oslo: Universitetsforlaget, 2016. Pris NOK 459

ISBN 978-82-15-02616-9

Denne læreboka i førebyggjande helsearbeid kom ut første gongen i 1999. No er det den fjerde utgåva som kjem på marknaden. Det er ikkje så vanleg at norske lærebøker innanfor medisinske emne kjem ut gong etter gong. Det tilseier at vi etter kvart kan kalle boka ein klassikar.

Forfattaren gir ei innføring i det medisinske og helsefaglege grunnlaget for førebyggjande helsearbeid og korleis dette blir praktisert her til lands. Språket er folkeleg, men likevel så presist at faglege nyansar ikkje blir borte. Terminologien som blir brukt er gjennomtenkt og konsistent gjennom heile boka. Forfattaren presenterer grunnfjellet i folkehelsearbeidet på ein trygg måte, med godt ankerfeste i oppdatert fagkunnskap. Referansane er trauste og velprøvde, og viser såleis til litteratur som den ihuga lesaren kan gå til for å kome djupare inn i stoffet. Boka eignar seg derfor godt som ei lærebok i alle typar utdanningar der ein treng ein samlande innføringstekst i førebyggjande og helsefremjande arbeid.

Det er fint at forfattaren set det helsefremjande arbeidet inn i ei historisk ramme, men eg tykkjer at han er noko lettbeint når han skriv at Noreg fekk ein eigen lov om folkehelsearbeid så seint som i 2011, utan her å trekkje fram sunnheitsloven frå 1860.

Forfattaren set stoffet inn i ein internasjonal samanheng. «Global burden of disease» blir forklart. Tusenårsmåla til FN blir kommenterte. Sjølv om dette skjer ganske kort, er det såpass presist at det er klårgjerande og nyttig for lesaren. Det er flott at forfattaren trekkjer inn menneskerettsaspektet i folkehelsearbeidet. Her kunne eg ønskt meg noko meir konkrete tilvisingar, både til det normative rammeverket og relevant litteratur. Gentesting blir også omtalt, noko som er heilt på sin plass i vår tid, men dette avsnittet blir litt for generelt til at det er særleg nyttig.

Psykiske lidingar er fint omtala. Her er det ei grei drøfting av primær- og sekundærførebygging. Men eg saknar noko om sekundærførebygging i forhold til tidleg intervensjon. Avsnittet om psykiske lidingar hadde vore ein fin plass for å ta fram dette. Like eins burde tertiærførebygging blitt drøfta i lys av nyare trendar innanfor rehabilitering, t.d. kvardagsrehabilitering i kommunehelsetenesta. Teori- og modellapparatet som Mæland presenterer, er som skapt for å få på plass både tidleg intervensjon og kvardagsrehabilitering i ein meir omfattande folkehelsemodell.

Anbefalte artikler