Korleis kan helsetilbodet til personar med kjønnsinkongruens betrast? Spørsmålet blei nyleg adressert i Tidsskriftet kor forfattarane argumenterer for å gi fastlegane ei større rolle og at hormonell og kirurgisk intervensjon bør tilbydast på regionalt nivå (1). Eg spør: kva dokumentasjon leggjast til grunn for at desentralisering gir betre helse for transpersonar?
Hensikta med helsetilbodet bør vere å betre livskvaliteten og den generelle helsa til den sårbare pasientgruppa. Internasjonal forsking har likevel vist at transpersonar rammast av psykiske helseplagar i større grad enn normalbefolkninga sjølv etter kroppsjusterande behandling. La meg gi eit par eksempel:
Ein svensk registerstudie frå 2011 viste signifikant skilnad i morbiditet og mortalitet mellom personar som gjennomgjekk kroppsjusterande behandling (n=324) samanlikna med kvinner og menn utan kjønnsinkongruens (n=3240) (2). Risikoverdiane var då justert for tidlegare psykisk sjukdom. Mest alarmerande var at dei som hadde gjennomgått kroppsjusterande behandling hadde vesentleg auka risiko for suicidforsøk og auka risiko for dødeleg utfall av dette, samanlikna med kontrollgruppa. Likeeins fann ein sveitsisk studie at transpersonar (52 mann-til-kvinne og tre kvinne-til-mann) var mindre fornøgde med si generelle helse 15 år etter den kroppsjusterande behandlinga samanlikna med kontrollgruppa av kvinner med minst éin abdominal- eller underlivsoperasjon (3).
Det er gjort enda mindre forsking på helseeffektane av hormonbehandling. Tilgjengelege data tydar på at heller ikkje dette fører til større betring på gruppenivå. Ein metaanalyse frå 2010 undersøkte systematisk effekten av hormonbehandling i 28 studiar med totalt 1888 pasientar (4). Forfattarane fann at alle studiar kor hormonell intervensjon reduserte kjønnsdysfori og fremma generell livskvalitet hadde låg kvalitet. Hormonbehandling var likevel assosiert med lågare sjølvmordsrater, men framleis auka samanlikna med kontrollar.
Så lenge me manglar solid kunnskap om kva tiltak som best gagnar personar med kjønnsinkongruens, stiller eg meg skeptisk til at primærhelsetenesta er lågast effektive omsorgsnivå for vurdering av kroppsjusterande behandling. Utan nasjonale retningslinjer meiner eg utgreiinga og behandlinga framleis bør vere ei høgspesialisert oppgåve. Gode og kyndige møte med helsetenesta, derimot, bør styrkast i alle ledd.
Litteratur
1. Benestad EEP, Thesen J, Aars H, Olsen GF, Bjørkman M. Helsevesenet svikter transpersoner. Tidsskr Nor Legeforen 2017; 137:1686-1687.
2. Dhejne C, Lichtenstein P, Boman M, Johansson AL, Langstrom N,Landen M. Long-term follow-up of transsexual persons undergoing sex reassignment surgery: cohort study in Sweden. PLoS One. 2011;6(2):e16885.
3. Kuhn A, Bodmer C, Stadlmayr W, Kuhn P, Mueller MD,Birkhauser M. Quality of life 15 years after sex reassignment surgery for transsexualism. Fertil Steril. 2009;92(5):1685-1689.e1683
4. Murad MH, Elamin MB, Garcia MZ, Mullan RJ, Murad A, Erwin PJ,Montori VM. Hormonal therapy and sex reassignment: a systematic review and meta-analysis of quality of life and psychosocial outcomes. Clin Endocrinol (Oxf). 2010;72(2):214-231.