E-post: jkalveland@gmail.com
Frilansjournalist
Det finst mange triste historier om at legar - eller like gjerne andre behandlarar - har misbrukt stillinga si til å misbruka ein pasient seksuelt. Dette gjeld oftast pasientar som går regelmessig til ein behandlar over tid, til dømes til ein psykolog eller psykiater. Tilfella handlar ofte om at behandlaren gjer seksuelle tilnærmingar i sjølve behandlingssituasjonen. Dette vil dei fleste meina at er å gå ut over den profesjonelle rolla til behandlaren, og det difor naturleg at autorisasjonen til den som gjer dette vert inndregen. Både for å verna framtidige pasientar mot denne behandlaren og for å signalisera tydeleg til andre at dette er noko som ikkje vert tolerert. Ein kan vel rett og slett slå fast at den almenne tilliten til helsevesnet er avhengig av at så skjer.
Noko anna meiner eg, som tidvis pasient og lekmann på feltet, at det må vera dersom forholdet oppstår, eller i alle fall vert levt ut, utanom behandlingssituasjonen og det er gjensidig. Då har i alle fall eg vanskeleg for å forstå at me snakkar om ei rolleblanding. No kan det godt vera at helsevesnet er i ei særstilling, men dersom det i samfunnet generelt sett skulle vera slik at det var forbode å utvikla eit forhold til nokon ein hadde kontakt med gjennom ei eller anna form for profesjonell relasjon, så ville vel livet i det store og heile verta nokså komplisert for mange.
Tidsskrift for Den norske legeforening, Postboks 1152 Sentrum, 0107 OSLO
Sentralbord: 23 10 90 00 • E-post: redaksjonen@tidsskriftet.no
Sjefredaktør Are Brean • Tidsskriftet redigeres etter redaktørplakaten
Kommentarer