Lettare andpusten kjem eg til sjukehuset, eg kjenner morgonkaffien framleis bakerst i svelget. Det blei litt i travlaste laget i heimen i dag.
Illustrasjon: Nanette Hoogslag / NTB Scanpix
Motivert til å fremje helse, meistring og livskvalitet loggar eg meg på min trufaste jobb-PC. Eg ventar i spaning på om eg må restarte for å få kome inn, men i dag går det bra.
Eg opnar Microsoft Outlook for å få oversikt over nye e-postar og dagens kalender. Der ligg ei melding om at eg har ei sak til handsaming i systemet Elements. Eg loggar meg inn på Elements og noterer meg at eg må utarbeide eit brev og avskrive saka.
Neste stopp er MinGat, systemet som held oversikt over kven som er på jobb i dag og vaktene framover. To meldingar blir signert ut.
Så byrjar det å lukte litt klinisk arbeid når eg opnar pasientjournalsystemet DIPS Classic. Det er mangelfulle opplysningar på ein pasient som blei akutt innlagt i går, så eg går inn i Kjernejournal med hjelp av identifisering med smartkort. Eg får ei oversikt over nylege sjukehusbesøk og resepthistorikk og er litt førebudd til ei seinare vurdering av pasienten.
Korleis bidreg alle desse klikka til god pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, undervisning av pasientar og pårørande, og forskning?
Ein pasient skal skrivast ut i dag. Eg startar det elektroniske kurvesystemet MEONA, vel riktig sengepost og aktiverer den aktuelle pasienten. Der ser eg kva for medisinar pasienten tek. Deretter går eg inn i E-resept for å klargjere reseptar. Igjen må eg inn i eit nytt system og identifisere meg med smartkort. Etter at eg er ferdig med å velje pakningsstorleik og riktig blåreseptrefusjonskode, klikkar eg meg tilbake til DIPS Classic.
Ein pasient er i pakkeforløp, og eg skal registrere koder. Då må eg avslutte DIPS Classic og starte DIPS Arena. DIPS Classic er nemleg ikkje rigga til å registrere koder i pakkeforløp enno. Ny innlogging, nye sekundar går. Så, etter at koding og registrering er unnagjort, må eg tilbake til DIPS Classic. Eg skal samhandle med førstelinjetenesta og ønsker å sende ei elektronisk melding til ein fastlege via PLO, som kun er operativt i DIPS Classic.
Eg ser i timeboka at eg skal ha rettleiing med vår LIS1-kandidat seinare i dag. Læringsmåla som eg må ta stilling til og anbefale for godkjenning, ligg i systemet Kompetanseportalen. Deretter skal ein annan spesialist bruke like mange klikk på å faktisk godkjenne dei. Klikk-klikk-klikk-klikk.
Langt bak i hovudet formar spørsmålet seg: Korleis bidreg alle desse klikka til god pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, undervisning av pasientar og pårørande, og forskning? Men så får eg ei melding om at PC-en vil omstarte grunna «nødvendig systemoppdatering», og spørsmålet forsvinn i endelause eittal og nullar …