Old Drupal 7 Site

Gresk hovud, norsk hovudbry

Ole Våge Om forfatteren
Artikkel

Fleire ulike skrivemåtar av låneordet for akutt hjernebetennelse er i bruk: encefalitt, encephalitt, encephalitis og enkefalitt. Kva er rett?

Illustrasjon: Grafissimo/iStock

Spørsmålet råkar ei rekkje termar med det greske ordet for hovud som grunnord. Skal ein skrive hydrokefali eller hydrocephali for vasshovud? Eller skal tilstanden med lite hovud skrivast mikrokefali, mikrocefali, mikrocephali, mikrocephalus eller mikrocefalus? Variasjonen er til hinder for ein einskapleg og presis terminologi i helsesektoren, men reiser samstundes òg viktige spørsmål om korleis skrivemåtar av låneord kan fastsetjast.

For å klarleggje skrivemåten av encefalitt og dei andre variantane (tabell 1) vil det vere føremålstenleg å leggje til grunn ei «smørbrødliste» av nokre språklege vurderingsmoment: etymologi og tradisjon, oppslag i ordbøker, leksikon og kodeverk, bruk, systematikk og uttale.

Etymologi og tradisjon

Encefalitt er ei ordsamansetjing som byggjer på det gamalgreske ordet enkéfalos og suffikset -itt. Ordet er samansett av en (‘i’) og kefal- (‘hovud’) i tydinga ‘hjerne’ og greske -itis, opphavleg ei feminin adjektivending, seinare brukt som nemning for sjukdomar (1). Latin har lånt ordet frå gresk, men med ei lydendring slik at enkéfalos blei til cephalo-.

I norsk har det i periodar vore ein tendens å leggje seg nokså nær den greske, originale skrivemåten i låneord (2). Her skil norsk seg tydeleg frå engelsk, som ofte gjengjev greske ord med ei latinisert form, jf. kybernetikk på norsk og cybernetics på engelsk (av gresk kubernētēs).

Om ein legg eit slikt prinsipp til grunn for fastsetjing av skrivemåte, vil ein få enkefalitt.

Ordbøker, leksikon og kodeverk

Ordbøker er ei viktig kjelde for å fastslå skrivemåten av ord, særleg standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka (3). Ingen av dei har oppføringar av denne termen, men Nynorskordboka har relevante oppslag som elektroencefalografi og elektroencefalogram.

Den autoritative Tanums rettskrivningsordbok har oppføringa encefalitt (4). Det gjeld også ei rekkje fagordbøker, Store medisinske leksikon, kodeverket ICD-10, emneordlista MeSH og Tidsskriftets ordliste (510).

Om ein legg ordbøkene og kodeverk til grunn, er det mykje som talar for skrivemåten encefalitt.

Språkbruk (usus)

Kva skriveform er i faktisk bruk? Det såkalla ususprinsippet byggjer på kva som dominerer i skrivne tekster som oppfyller visse kvalitetskriterium. Det veg tungt når ein skal vurdere ulike kandidatar, men kan vere vanskeleg å kartleggje. For medisinske fagtermar kan det vere føremålstenleg å ta utgangspunkt i bruken i dei digitaliserte bøkene hos Nasjonalbiblioteket, på nettsidene til Tidsskriftet, Folkehelseinstituttet, Helsebiblioteket, Norsk helseinformatikk (nhi.no) og i norske papiraviser i basen til mediearkivet Retriever (1116) (tabell 1).

Tabell 1

Bruksfrekvens av encefalitt og relaterte skrivemåtar. *Svært høgt innslag av tekstar på andre språk eller bruk av engelsk term

Nasjonalbiblioteket

Tidsskriftet

Folkehelseinstituttet

Helsebiblioteket.no

nhi.no

Aviser (Retriever)

encefalitt

1 095

136

82

1 063

277

231

encephalitt

279

0

1

5

9

15

encephalitis

954*

12*

16*

212*

3*

115*

ensefalitt

0

0

0

0

0

0

enkefalitt

28

0

0

0

0

2

enkephalitt

0

0

0

0

0

0

enkephalitis

0

0

0

0

0

0

Gjennomgangen syner at encefalitt skil seg ut klårt som den mest etablerte skrivemåten, ikkje berre i faglege kjelder, men òg i avisartiklar som rettar seg mot eit allment publikum. Encephalitt er noko i bruk, medan enkefalitt – noko overraskande – i liten grad blir nytta. Bruken av skrivemåten encephalitis er vanskeleg å vurdere pga. mykje støy i kjeldene, og ein bør ikkje leggje tala i tabellen til grunn. Denne skrivemåten er først og fremst nytta i engelskspråklege tekstar og bøker i tillegg til norske tekstar med den engelske termen tick-borne encephalitis (TBE).

Om ein legg faktisk språkbruk til grunn, er det også mykje som talar for skrivemåten encefalitt.

Systematikk

Skrivemåten av eit låneord bør i så stor grad som mogleg inngå i eit etablert mønster. Det er difor ein føremon å lene seg på andre fagtermar – særleg normerte – som byggjer på det greske låneordet for hovud, når ein vurderer skrivemåten av encefalitt.

Om ein legg autoritative ordbøker til grunn, er det likevel ikkje lett å finne eit gjennomført mønster (sjå tabell 2). Ved bruken av forleddet en-, ser det ut som om skrivemåten blir cefali, jf. encefali, elektroencefalografi, encefalopati, men det er ikkje gjennomført (enkefalin). Andre føreledd som t.d. braky-, doliko-, mikro-, makro- og hydro- ser ut til å gje skrivemåten kefali, men heller ikkje her er det heilt gjennomført (hydrocefalus, anencefali). Det er likevel verdt å merke seg at skrivemåten kefali står nokså sterkt blant ein del relaterte låneord.

Tabell 2

Skrivemåte av relaterte termar til encefalitt i eit utval ordbøker og leksikon. Bruken av skråstrek indikerer likestilte former i oppslaget, bruken av parentes indikerer underordna form.

Bokmålsordboka/ Nynorskordboka

Tanums store rettskrivningsordbok

Medisinsk ordbok

Norsk medisinsk ordbok

Store medisinske leksikon

brakykefal

brakykefal

-

-

brakykefal

dolikokefal

dolikokefal

-

-

-

elektroencefalografi

elektroencefalografi

elektroencefalografi

elektroencefalografi

myalgisk encefalopati

encefalopati

encefalopati

encefalopati

encefalopati

encefalon

encefalon (encephalon)

encephalon

-

-

mikrokefali

mikrokefali/mikrocefali

mikrokefali (mikrocefali)

mikrokefali

-

makrokefali

-

makrokefali (macrocephalia, makrocefali)

-

-

hydrokefali

-

hydrocefalus (hydrokefali)

hydrocephalus

-

akefali

-

acephali (akefali)

akefal

-

trochokefali

-

-

-

-

-

akrokefali

akrokefali

akrokefali

-

-

oksykefali

-

oksykefali

-

-

anencefali

anencefalus

anencefali

-

-

porencefali

porencefali

-

-

-

enkefaliner

enkefalin

enkefaliner

Om ein legg systematikk til grunn, kan paradoksalt nok både skrivemåten encefalitt og enkefalitt vere aktuelle.

Uttale

Det ortofone prinsippet om at skriftform skal spegle uttale, er viktig ved ei vurdering av skrivemåte av låneord. Om fagmiljøa uttalar encefalitt med s-lyd eller k-lyd i grunnordet, kan vere vanskeleg å kartleggje. I ein tidligare språkspalteartikkel i Tidsskriftet frå 1995 blir det påpeikt at s-uttalen i encefalitt, encefalon og encefalografi er innarbeidd i fagmiljøet (17). Det er også i tråd med uttaleoppføringa i Tanums store rettskrivningsordbok og Norsk uttaleordbok (18).

Med omsyn til bokstavkombinasjonane ph i encephalitt, vil ei tilpassing til uttale gje f, altså encefalitt. I tillegg ville det ortofone prinsippet tilseie at ein c som blir uttalt som s, bør skrivast med bokstaven s i norsk, noko som ville gje ensefalitt. Det er likevel ingen sterk tradisjon for at låneord med c blir til s i fagspråket, i motsetnad til tilfelle der c-bokstaven blir uttalt som k-lyd, jf. kardial og katarr.

Om ein legg uttale til grunn, er det også mykje som talar for skrivemåtane encefalitt og ensefalitt.

Oppsummering

Kva for ein skrivemåte av låneord som er rett, vil vere avhengig av kva språklege moment ein legg vekt på. Etablert bruk, oppslag i ordbøker og andre autoritative kjelder talar for skrivemåten encefalitt framfor ensefalitt, encephalitt, encephalitis og enkefalitt, medan uttaleprinsippet talar for både encefalitt og ensefalitt. Men dersom ein legg størst vekt på systematikk, er biletet litt meir innfløkt. Nærliggjande, normerte låneord som elektroencefalografi og encefalopati stør konklusjonen om at ein bør skrive encefalitt. Men dersom ein ser på fleire nærskylde fagtermar som t.d. makrokefali og mikrokefali eller legg vekt på tradisjonen med skrivemåte i samsvar med opphavleg gresk form, kunne utfallet ha vore annleis. Ei samla vurdering av alle momenta ovanfor vil likevel tale for skrivemåten encefalitt.

Vaklinga mellom ulike skrivemåtar kan rett og slett skuldast at ulike personar eller fagmiljø har vektlagt – implisitt eller eksplisitt – ulike vurderingsmoment til ulike tider. Val av skrivemåte av nye låneord skjer ofte spontant og med manglande omsyn til systematikk. Låneord med det greske ordet for hovud som grunnord syner korleis resultatet kan bli ein språkleg spagat.

Truleg er det umogleg å unngå slike situasjonar heilt, men ei medviten vurdering av låneord basert på ei «smørbrødliste» av moment vil vere til hjelp for fagfolk.

Denne artikkelen står for forfattarens vurderingar og inneber ikkje ei offisiell normering eller vurdering av låneordet.

Anbefalte artikler